– Eg vil ha barn. Men eg håpar det blir ein gut
Synne Muren Olsen, journalist i Firda
Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Firda): – Hæ? Kvifor då?
Vi har komme i den alderen, sambuaren min og eg, at vi snakkar om dei store tinga i livet. Kvar skal vi bu, kva skal vi jobbe med i framtida – og skal ein få barn eller la det vere med hunden?
Litt rart er det jo, at eg som er så mannevond ønsker meg barn i det heile tatt. Men då vi sat der i sofaen og diskuterte, blei det openbert.
– Eg vil ha barn. Men eg håpar det blir ein gut, sa eg.
Sambuaren min klarte ikkje å forstå at kjønn skulle ha noko å seie.
Ikkje så rart. Han er jo mann.
Eg har slutta å lese VG om morgonen. Framtidsutsiktene grensar til det dystopiske, og eg kan ikkje starte kvar dag med klump i magen.
Tidlegare spurte mange om vi framleis treng 8. mars, kvinnedagen. For kvart år som går, høyrer eg denne frasen sjeldnare og sjeldnare.
Kanskje -entusiasten i USA har litt........
© Nettavisen
