Loppa minstepensjonistane for tusenlappar – gir toppleiar 2,7 millionar i sluttpakke
Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
(Bergensavisen): Kommunaldirektør Belen Birkenes kunngjorde torsdag at ho går av på dagen.
Det er noko nesten statsmannsaktig ved grunngjevinga. Birkenes seier at ho set organisasjonen over seg sjølv og vil «skape ro, verne organisasjonen og sikre at arbeidet for byens innbyggere kan fortsette med fullt fokus».
Ein skulle nesten tru at det var ho som var byråden som sat med det høgaste ansvaret for den galskapen som har foregått i byrådsavdeling for byrådsavdeling for barnevern, sosiale tjenester og mangfold.
Men, nei. Det er ikkje slik det fungerer på rådhuset i Bergen.
Kunngjeringa skjer på eit påfallande optimalt tidspunkt for dei øvste ansvarlege i den parlamentarisk styrte kommunen.
Onsdag markerte nemleg slutten på tre strake månadar med politiske mistillitsforslag mot dei som reint faktisk har tatt på seg dette ansvaret.
I tur og orden har sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H) og byrådsleiar Christine Meyer (H) tre gongar fått fornya tillit av sine oppdragsgjevarar; bystyrefleirtalet i Bergen.
Det er slettes ikkje sikkert at utfallet hadde vorte annleis om Birkenes hadde gått av tidlegare. Fleirtalet som styrer byen ser nemleg ikkje ut til å ha noko i mot at byråkratar tar støyten. Likevel hadde trykket vorte endå større på byrådet om dei hadde ofra ein toppbyråkrat før bystyret tok stilling til mistillitsforslaget.
For å gå får Birkenes òg ein skrekkeleg god sluttavtale. Etterlønn i 20 månadar, altså 2,7 millionar kroner, pluss tre månadar med lønna oppseiingstid.
Dette skjer altså i byrådsavdelinga som i fjor sommar med vitande og vilje tok initiativ til å forfalska eit bystyrevedtak for å loppa bustøttemottakarane i kommunen for nokre ekstra tusenlappar.
Det er ikkje Belen Birkenes som skal bera ansvaret for denne sluttavtalen. Det er det dei som vert sittande på rådhuset som skal få ta støyten for.
Det er òg dei, altså sosialbyråd........
