menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Trygge arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn i Etne

7 0
04.02.2025

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det skjer mykje innan helse og omsorg om dagen, og kommunen skal no omorganisere delar av heimetenesta for å spare pengar i åra som kjem. Eit av forslaga som er varsla, er å flytte oppmøtestaden til fleire tilsette i heimetenesta frå ein stad i kommunen til ein annan. Dette kan få store konsekvensar både for tilsette, brukarar av tenestene og for lokalsamfunnet sitt tenestetilbod.

Når ein endrar på organiseringa av viktige velferdstenester, må det vere grundige vurderingar bak. Kost/nytte-perspektivet må fram i lyset. Kva sparer me faktisk, og kva taper me? Ei endring som reduserer driftskostnadane på papiret, men som samtidig gir meir reisetid for tilsette og utfordringar med å rekruttere kompetent arbeidskraft, kan ende opp med å koste meir enn den sparer. For ei bygd som allereie arbeider godt for å sikre vekst og stabilitet, er dette ei utvikling som me i Etne FrP er svært uroa over.

Det er heilt avgjerande at kommunen legg til rette for gode og stabile arbeidsforhold i omsorgssektoren. Det handlar ikkje berre om trivselen til dei tilsette,........

© Haugesunds Avis