Vikebygd kan bli ofra for vidløftige og usikre framtidsplanar om havvind
Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I Vikebygd, den fredelege og idylliske bygda i Vindafjord, er det no planar om eit av dei største masseuttaka i Noreg – over 11 millionar kubikkmeter fjell skal sprengjast ut over sju til ti år (fase 1 til 3). Bak dette står tiltakshavar Dommersnes AS som er eigd 50% av Vindafjord kommune og 50% av Westcon Yards AS. Dei søkjer no fritak frå minerallova for å kunne gjennomføra inngrepet. Men heile prosjektet kviler på éin ting: Intensjonsavtalar. Ikkje kontraktar, ikkje konkrete prosjekt – berre lovnader og håp.
DMF: Det manglar konkrete planar for bruk av massane som skal takast ut, samt konkrete kontraktar for framtidig bruk av området
Direktoratet for mineralforvaltning (DMF) er tydelege i sin høyringsuttale: Planen manglar både vurdering av marknadsgrunnlag og sjekk av kvaliteten på steinmassane. Det finst ingen konkrete kundar for overskotsmassane, og det er uklart om massane eignar seg til eit uavklart føremål.
DMF peikar på at kommunen ikkje har følgt deira faglege råd frå 15. februar 2023 om å regulera området til «råstoffutvinning», med industri eller næring som etterbruk. I staden er området sett av til «næring og industri», trass i at det ikkje finst konkrete prosjekt eller kundar, og det rådar stor uvisse om kva området faktisk skal brukast til. Det skal takast ut store mengder steinmassar og skapast eit stort og djupt krater i terrenget nær sentrum i bygda for å leggja til rette for eit føremål med uklart omfang og tidshorisont.
DMF må gi grønt lys for fritak frå Mineralloven
Dommersnes AS, gjennom Norconsult Norge AS, sendte først ein månad etter at høyringsfristen for planforslaget gjekk ut i april, formell førespurnad til DMF for å få avklart om det planlagde masseuttaket på Dommersnes krev konsesjon etter Mineralloven. Dommersnes AS søkjer om fritak frå Mineralloven for masseuttaket i heile planområdet, med grunnlag i unntaksføresegna i § 3, som omfattar uttak som er ein del av annan utnytting av grunnen. DMF er staten sitt fagorgan for mineralressursar og har myndigheit til å avgjera om tiltaket er lovleg utan konsesjon.
Vindafjord kommune sendte reguleringsplanen ut på høyring lenge før denne avklaringa ligg føre. DMF peikar på at dei ikkje kan fatta vedtak om konsesjonsplikt som del av reguleringsprosessen, og at tiltakshavar........
© Haugesunds Avis
