Nei, vi skal ikkje bygge i de verna vassdragene
Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
"Vassdragsvernet må bestå! No står alle dei verna vassdraga våre i fare! Dei grå partia Ap, Sp, KrF, FrP, og Høgre sende 4. februar inn forslag til Stortinget om at det ikkje lenger skal vera forbode å byggja vasskraftverk i verna vassdrag. Stortingsfleirtalet kan altså gjennom eit pennestrøk oppheva over 20 år med strengt vern, utan offentleg debatt, konsekvensutreiing eller nokre nye høyringsrundar. Dette er totalt uakseptabelt!
Forslaget kjem gjennom ei stortingsmelding om førebygging av flaum og skred. Der står det: «Det åpnes for konsesjonsbehandling av kraftverk over 1 MW i vernede vassdrag, der samfunnsnytten, for eksempel i form av flomdempende tiltak, vurderes som betydelig, samtidig som miljøkonsekvensene anses som akseptable.» Flaumdemping er altså berre eit døme, ikkje eingong ein føresetnad for utbygging. Utfallet av dette forslaget blir då at dei verna vassdraga får akkurat samme vurdering som gjøres i alle utbyggingssaker, så skiljet mellom verna elvar og andre elver blir borte!
Naturkrisa i Noreg er allereie ei enorm utfordring, som vist gjennom dei tallause inngrepa i vår natur. Vi taper natur, eit mangfald av artar og leveområde i eit katastrofalt tempo. Etter hundre år med kraftutbygging har to tredelar av dei store norske........
© Haugesunds Avis
