menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Når det går godt for Vestlandet...

6 0
11.06.2025

Debattinnlegg

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når det går godt for Vestlandet er det også bra for heile landet, eit ofte brukt munnhell frå rikspolitikarar når dei er på besøk på desse kantar og gjerne i samband med valkampar. Og utsagnet har absolutt noko føre seg då ein mellom anna veit at Vestland er landets største eksportfylke utanom olje og gass.

Dersom Vestlandet på sikt skal oppretthalde sin posisjon, må grunnlaget for bu- og arbeidsområde i landsdelen vidareutviklast og vilkåra for næringslivet må betrast, særleg med tanke på effektiv tilkomst til den europeiske marknaden. Det som då er sikkert er at ferjer ikkje er løysinga som bindemiddel i hovudtransportkorridoren E39 langs vestlandskysten. På strekninga Stavanger - Bergen er ein no i gang med å gjere noko med dette gjennom Rogfastprosjektet, eit undersjøisk tunnelprosjekt som skal binde saman sør og nord i Rogaland og er planlagt ferdigstilt i 2033.

Og då er det inga tid å miste her i Vestland med gjennomføringa av Hordfast, eit prosjekt som vil bidra til ferjefri E39 på delstrekninga Stavanger – Sognefjorden. Prosjektet........

© Haugesunds Avis