Stopp sentraliseringa og nedbrytinga av Førde som tettstad!
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Fleirtalet i både Eldrerådet og i Råd for personar med nedsett funksjonsevne gjekk inn for å oppretthalde Førde legekontor. Hovudutval Helse og Sosial gjekk inn for å byggje eit nytt helsehus i Sveio sentrum, og samle legetenesta m.m. der. Formannskapet enda med to røyster for rådmannen sitt framlegg, og 5 røysta for Helse og Sosial utvalet sitt vedtak.
I saka burde dei to råda sine vedtak blitt vurdert, men så skjedde ikkje. Råda representerer både eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Begge råda skal ivareta desse gruppene, me veit at det blir langt fleire eldre i kommunen framover.
Sveio kommune er ein langstrakt kommune, med folk fastbuande frå Tittelsnes til Søre Våge.
Kva med konsekvensane?
Eg hadde forventa ein klarare debatt i formannskapet om konsekvensane av å leggja ned Førde legekontorkontor. Men slikt blei ikkje nemnt med eit ord. Det kom heller ikkje fram kva innbyggjarane i nordre del av kommunen ønskjer. Det er jo dei som i første rekke vil bli råka av ei nedlegging av Førde legekontor. Dette er ein stor veikskap i sakshandsaminga.
På ny må folket nord i kommunen engasjera seg med underskriftslister. Kvifor dei som bur i nordre del av kommunen gong på gong kjempe desse kampane? All ære til Bygdalaget i Førde for deira engasjement. Det er heller ikkje meir enn to år sidan, Førde- kontoret blei føreslege nedlagt. Det vart også den gongen sett i gong underskriftsaksjon.
Kva er nytt denne gongen?
Ettersom eg hugsar var to politikarar frå same parti på framsida av Vestavind, kor dei uttalte at dei gjekk imot nedlegging av Førde legekontor. Dette var sjølvsagt rett før kommunevalet.
Kva er så nytt i dag som gjer at saka kjem opp på ny?
Vasslekkasje i kjellaren til kommunehuset er det eg sit att med. Det er ingen andre forhold som har endra seg på desse knapt to åra. Over lang tid som politikar i førre kommunestyreperiode, medan eg sat i Helse og Sosial- utvalet blei me informerte om legesituasjonen. Me fekk vita at det blei brukt ein del midlar på innleige av legar for å halde hjula i gong i høve pasientane.
Mange brukar meir
Stadig blei det hevda at dette skuldast organiseringa av legetenesta i Sveio, med to kontor. Med eitt samla kontor ville Sveio blitt meir attraktivt for legar å etablera seg i Sveio blei det hevda.
Eg vil her........
© Haugesunds Avis
