menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

«Nesten ingenting»

18 0
07.05.2025

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Høgre vedtok på sitt landsmøte å opna for EU-medlemskap i neste stortingsperiode. Men fyrst må det vera open EU-debatt, seier Michael Tetzschner, stortingsrepresentant 2009-2021, i intervju. Debatten startar han med denne påstanden:

«Vi har absolutt nasjonal råderett over nesten ingen ting i Noreg no.»

Dette meiner eg er grovt misvisande og feil. Norsk lov og rett gjeld uavkorta på alle område. Kva som skal vera norsk lov og rett kan ingen andre enn det norske Stortinget avgjera. All norsk lov og rett blir ved EU-medlemskap underordna EU-lov og EU-rett.

Finans og pengar, rente og kronekurs styrer vi sjølve og har vi full råderett over, med eller utan EØS-avtale. Dette blei svært tydeleg etter finanskrisa i 2008/ 2009. Då såg det stygt ut for norsk eksport. Noregs Bank sette ned kronekursen med tjue prosent. Sidan då går den norske eksporten så det suser. Med denne råderetten er vi heller ikkje særleg utsette for toll og mottiltak frå einskilde land. Det vi........

© Haugesunds Avis