Klår tale må takast på alvor
Kontrasten (kanskje: konflikten) mellom byrå-krati og demo-krati slår oss. Kontoret («byrå» gml.fransk for «skrivebord») tilrettelegg saker. Demokratiet (folkestyret) avgjer «på folkets vegner». Kommunestyret er ikkje forplikta på direktørens tilråding!
At tittelen «rådmann» vart endra til «kommunedirektør», endrar ikkje funksjonen. Ho/han legg fram sak (gir «råd»), men har ikkje autoritet til å gi «direktiv» (bestemme). Demokratiet tillegg dei folkevalde denne makta.
Dermed også klårt: Vil fleirtalet i kommunestyret legge ned skulane, må vi i demokratiets namn respektere det. Like klårt: Demokratiet fungerer dårleg viss folkevalde neglisjerer dei utvetydige signala dei no har fått frå folket sitt.
Høringsbreva og dialogmøta har vist enormt engasjement. Og det sjøl om kontorets ultimate nedleggingsforslag var misbruk av ordet «dialog». Viss ein verkeleg meinte at «foreldre, ansatte og lokalsamfunn kan bidra med refleksjoner» og at «barn og unges stemme er viktig, og elevråd og ungdomsråd vil bli hørt», måtte møta ha kome før – og såleis fått gjeve skikkeleg grunnlag for vidare forslag. Men: Vi må tru at kommunen tek med........
© Driva
