Gjøra skule etter vedtaket om nedlegging
Etter det siste innlegget mitt (20.03.) rekna eg meg som ferdig med føljetongen om Gjøra skule. Men så var eg til stades under debatten om saka i kommunestyret 25.03. Eg meiner det er all grunn til å sjå nærare på dei argumenta som fleirtalet nytta. Opptak frå møtet finn ein på heimesidene til kommunen. Der blir også referatet lagt ut.
Vedtaket i kommunestyret
Kommunestyret vedtok som kjent einstemmig å legge ned oppvekstsenteret frå 2027, i tråd med innstillinga frå oppvekstutvalet. På den måten fekk skulen eitt år ekstra i forhold til forslaget frå kommunedirektøren. Så stemte mindretalet på 12 for eit tilleggsforslag. Det var å opne for drift av skulen til 2028 – på eitt vilkår. Det var at foreininga for privatskule på Gjøra skulle få på plass eit kompetent styre innan utgangen av 2026. Fleirtalet på 15 stemte ned dette tilleggsforslaget.
Vidare arbeid med privatskule
Dei tidlegare innlegga mine har vore ein samla argumentasjon for at skulen burde drivast til 2028. Så lenge er elevtalet stabilt, og det er den tida som trengst for å kunne få i gang ein privatskule. Så lenge elevtalet er stabilt, meiner eg også at det er fagleg og pedagogisk forsvarleg å drive skulen.
Det gjekk ikkje lange tida før reaksjonane på vedtaket kom: Dei som arbeider med planar om privatskule, har ikkje tenkt å gje seg. Forklaringa er enkel: Sjølv om vedtaket svekkar utsiktene for ein ny skule, så er dette så viktig – av omsyn til elevane og lokalsamfunnet – at det er uforsvarleg å gje opp.
Spørsmål rundt klage blir no drøfta. Samtidig blir det arbeidd for registrering i Brønnøysund og for å levere ein søknad om godkjenning til Utdanningsdirektoratet. Søknadsfristen der er 1. oktober. Vurderinga av søknadar startar ikkje før fristen er ute. Behandlingstida kan variere frå eit halvt til eitt og eit halvt år. Det avheng bl.a. av lokale forhold og kor god søknaden er. Kommunen skal uttala seg, statsforvaltaren skal vurdere forholdet til lovverket osb. Elles skal også elevgrunnlag, økonomi og kompetanse i styret vurderast, saman med ein plan for å skaffe rektor og lærarar. For å gjera behandlingstida kortast råd, vil søknaden bli kvalitetssikra i samarbeid med Kristne Friskolers Forbund. Det kan også vera aktuelt å søke om framskunda behandling av søknaden.
Om vi reknar med at vurderinga av søknaden kan ta inntil eitt år, er vi komne til oktober 2027. Etter fleirtalsvedtaket er da oppvekstsenteret lagt ned. I alle fall er det grunn til å tru at det er tilfelle før ein privatskule kan starte. For det er ikkje nok å få skulen godkjend. Ein må også få klarsignal for å starte opp. Det er to separate søknader.
Forslaget om nedlegging frå 2026 kom så brått at arbeidet med privatskule kom for seint i gang. Ein privatskule bør sjølvsagt starte samtidig med at den offentlege skulen blir lagt ned. Det står som sagt om eitt år, frå 2027 til 2028.
Argumentasjonen i kommunestyret
Det var dette forholdet som låg til grunn for tilleggsforslaget frå mindretalet i kommunestyret. Dei opna som sagt for drift av skulen til 2028, dersom eit kompetent styre var på plass innan utgangen av året. Da er det interessant å sjå nærare på dei argumenta som fleirtalet nytta for ikkje å gje dette eine året.
Oppvekstsjefen presenterte argumenta sine for nedlegging i 2026 på ein ryddig og god måte. Samtidig fekk vi her demonstrert det problematiske med saksframlegga. Det er at momenta i saka berre blir brukte til å argumentere for éi løysing, ikkje til å vurdere alternativ mot kvarandre. For å gje døme: Når dette manglar, blir både bestillinga og bruken av risikoanalysen og av uttalen frå PPT-tenesta einsidig og tendensiøs. Konsekvensane av å behalde skulen så lenge elevtalet er stabilt, blir ikkje vurderte. Problemet er gjennomgåande og viser seg også når saksframlegga tek for seg reiseveg og skyss, elevtal og barnets beste. Kort sagt: Når valet faktisk står mellom fleire kandidatar, er det sterkt kritikkverdig om berre éin får koma til orde.

Oppvekstsjefen la til slutt vekt på det uheldige i at situasjonen for barna blir uavklart for lenge. Dette var det også fleire av representantane som tok opp i debatten. Overgang til nye løysingar meinte ho er betre enn å «opprettholde usikkerhet og ustabilitet». Den faglege bakgrunnen for argumentet er det spesielle ved barn si oppleving av tid.

I saksframlegga var dette eit argument for å legge ned skulen frå 2026. Under møtet fungerte det derimot som argument for å vedta nedlegging frå 2027. Men argumentet kan like godt brukast for å vente til 2028. Det er ingen dokumentasjon for at ein tek betre vare på det faglege poenget ved å legge ned skulen i 2026 enn i 2027 eller i 2028.
Dei beste argumenta som vart framførte for å legge ned skulen, har med det låge elevtalet å gjera. Før møtet i oppvekstutvalet vart det også kjent at tre elevar kjem til å slutte frå hausten 2026. Det vil gje 14, 15 og 14 elevar dei tre komande åra. Dette la fleire representantar vekt på. Men det er ikkje grunnlag for å hevde at omsynet til elevane tilseier at ein kan drive skulen til 2027, men ikkje til 2028. Med desse elevtala over tre år kunne også ein privatskule ha halde fram (jf. § 2-2 i opplæringslova).

Når ein ikkje har fått dokumentert kvar elevane står i spørsmålet om nedlegging, må ein gå ut frå at foreldra er dei beste til å vurdere og ta vare på omsynet til eigne barn. Det har foreldre på Gjøra også sagt klart frå om. Det er kjent at bortimot alle skreiv under på eit brev til skuleadministrasjonen (19.02.26). Dei ville ikkje tillate planlagte intervju med elevane. Etter det eg veit, var dei bl.a. redde for at opplegget var ledd i ein strategi for å legge ned skulen frå 2026, slik kommunedirektøren hadde foreslått.
Med eit så lågt elevtal kan det sosialt miljøet for barna opplagt bli for lite. For å bøte på dette er det no eit samarbeid mellom Gjøra og Løykja. Det har vore fundert over om samarbeidet må avviklast om det blir privatskule. Men det er det ingen grunn til. Samarbeidet kan også styrkast og gå begge vegar, om ein t.d. legg opp til uteskule på Gjøra.
Innanfor fleirtalet var det nyansar i synet på privatskule. Det vart nemnt at dette var eit luftslott som berre ville føre til seigpining. Ordføraren hadde i sak støtte frå fleirtalet når han meinte at forholdet til ein eventuell privatskule ikkje burde omtalast i vedtaket i kommunestyret. Adressaten var mindretalet, som nettopp tok opp dette i tilleggsforslaget sitt.

Om vi no ser bort frå formalitetar, kan dette gje grunn til å slå på stortromma. Det aktualiserer nemleg eit viktig spørsmål som ikkje er drøfta i saksframlegga. Det burde det ha vore, ut frå rundskrivet om krav til saksbehandling. Spørsmålet kom heller ikkje opp i innlegg frå fleirtalet: Kva vil det ha å seie for Gjøra, fjellgardane og kulturladskapa om bygda permanent blir utan skule? Det er sjølvsagt dette ein vil hindre med ein privatskule.
I kommunestyret var det ingen som argumenterte mot privatskule på Gjøra. Derimot var det fleire som hevda at nedlegging i 2027 var foreinleg med å starte privatskule samtidig. Med referanse til Utdanningsdirektoratet skulle eitt og eit halvt år vera tilstrekkeleg. Men her er det nok rekna feil. For ein har ikkje tatt med at søknadsfristen er 1. februar. Dermed kjem det ca. eitt år i tillegg.

Det er fatta eit vedtak om nedlegging av skulen på Gjøra frå hausten 2027. Det kan vera eitt år for tidleg til å koma i gang med ein privatskule.
Inntrykket mitt er at politikarane også bak fleirtalsvedtaket har arbeidd samvitsfullt med denne saka. Men vedtaket dei har gjort, står på vaklevorne bein.