menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Er det løftebrot å legge ned skulen?

17 0
19.03.2026

Det er no velkjent at kommunedirektøren har foreslått å legge ned skulen på Gjøra frå hausten. Dette har skapt så sterke reaksjonar at det er sett i gang arbeid med å starte ein privatskule dersom den offentlege skulen blir lagt ned. Ei forklaring på dei kraftige reaksjonane er ei oppleving av løftebrot.

Opplevinga av løftebrot har bakgrunn i eit vedtak i kommunestyret frå 2021 (sak 70/21). Det sa at dersom elevtalet vart 14 eller lågare, skulle det leggast fram ei ny sak om vidareføring eller nedlegging av skulen. Særleg for foreldre frå fjellgardane har dette vore viktig, både for å flytte dit og for å gjere store investeringar der.

I november i fjor tok FAU-leiar Tove Ørsund initiativ til eit møte der heile foreldregruppa kunne få oppveksttenesta i kommunen i tale, for å drøfte den vanskelege situasjonen ved skulen. Til møtet inviterer ho også Leif Kåre Gustavsen, som sit i oppvekst- og omsorgsutvalet. I e-post til han legg ho vekt på at situasjonen på Gjøra over jul er heilt uhaldbar, slik foreldra ser det. På nyåret (10.01.) inviterer ho også ordføraren til møtet. Ho skriv at nedskjeringar i bemanning etter foreldra sitt syn går hardt ut over elevane. Situasjonen er såpass alvorleg at dei også har valt å ta kontakt med statsforvaltaren. Ordføraren takkar for invitasjonen og blir med på møtet, som blir halde 21. januar. Referat frå møtet ligg på kommunen sine heimesider.

To dagar seinare, den 23. januar, blir det så kjent – gjennom avisoppslag – at kommunedirektøren foreslår å «løyse» problema ved å legge ned heile oppvekstsenteret. Den informasjonen kom ikkje fram under møtet. Foreldra var som sagt sterkt uroa på grunn av redusert bemanning, dvs. for svak satsing på skulen frå kommunen. Men i saksframlegga frå kommunedirektøren er det først og fremst faglege og pedagogiske argument for nedlegging, ut frå minkande elevtal. Tabellen hans viser 19 elevar i år. Det var mellom 17 og 21 dei sju føregåande åra. Det blir rekna med 17, 18 og 17 dei tre neste åra. Så viser tabellen berre 15, 12 og 5 elevar om fire, fem og seks år.

Ut frå foreldra sitt perspektiv tilseier elevtalet og vedtaket frå 2021 at skulen på Gjøra burde vera sikra i alle fall i tre år framover. Når så kommunedirektøren foreslår å legge ned skulen så tidleg som frå hausten, utløyser det kraftige reaksjonar blant foreldra – og det blir tala om løftebrot.

Planar om kristen privatskule

No veit sjølvsagt også foreldra på Gjøra at det på sikt kan gå mot nedlegging av skulen. Det er bakgrunnen for at foreldre frå fjellgardane har stilt seg i spissen for foreininga «Gjøra skole». Foreininga har som mål at det framleis skal vera skule på Gjøra. Frå det tidspunktet den offentlege skulen eventuelt blir lagt ned, planlegg dei å starte og drive ein kristen skule med rett til statsstøtte etter privatskulelova. Ein slik skule kan vera i drift frå hausten 2028, dvs. om godt to år. Ut frå lova skal skulen vera open for elevar frå heile landet. Kva ein kristen privatskule inneber, kjem eg tilbake til i eit seinare innlegg.

Innstillinga frå kommunedirektøren

I eit saksframlegg siterer også kommunedirektøren vedtaket som kommunestyret gjorde i 2021. På bakgrunn av dalande elevtal legg han likevel fram dei faglege og pedagogiske grunnane sine for å legge ned skulen no. I eit tidlegare innlegg har eg gjort greie for kvifor dei aktuelle momenta, samla sett, etter mitt syn gir best støtte til å halde fram drifta av skulen.

Spørsmålet er om innstillinga frå kommunedirektøren er ei oppfordring til å bryte eit løfte frå 2021. Ikkje utan vidare. Det er sjølvsagt heilt kurant å foreslå at eit politisk standpunkt blir endra i lys av ein endra situasjon. Problemet i dette tilfellet er at saksframlegga manglar ei drøfting av – eller eit godt svar på – kva som har endra seg etter vedtaket i 2021. Det er ikkje noko nytt med dei faglege og pedagogiske argumenta han legg fram. Det er truleg nytt at elevtalet om fire og fem år kan vera nede på 12 og 5. Men dei to-tre første åra ligg elevtalet innanfor vedtaket frå 2021. Då er det ikkje rart at det blir reagert med indignasjon på eit forslag om å legge ned skulen frå hausten. Den reduserte bemanninga som foreldra har vore så bekymra for, kan tyde på at strammare kommuneøkonomi har spela ei rolle. Men då burde det ha vore sagt tydelegare, for å dempe inntrykket av at innstillinga legg opp til løftebrot.

I tillegg til spørsmålet om løftebrot kjem spørsmålet om konsekvensar for heile lokalsamfunnet. Det spørsmålet er ikkje vurdert i saksframlegga frå kommunedirektøren. Denne saksbehandlinga har eg kritisert i eit tidlegare innlegg. Her held det ikkje å vise til at spørsmålet om skulestruktur var på høring i 2021. Den gongen låg det ikkje på bordet noko konkret forslag om å legge ned skulen på Gjøra.

Vedtaka i oppvekstutvalet

Saka om nedlegging var oppe på det siste møtet i Oppvekst- og omsorgsutvalet (11.03., sak 6/26). Der vart det som kjent vedtatt ei einstemmig innstilling om at kommunestyret legg ned Gjøra oppvekstsenter frå hausten 2027. Resten av vedtaket går ut på å be oppveksttenesta om å legge til rette og redusere negative konsekvensar av ei nedlegging. Denne utsettinga med eitt år er bra, men ikkje bra nok, skal vi sjå.

Så vart eit tilleggsforslag også vedtatt einstemmig. Forenkla sagt: Før ei eventuell nedlegging skal det gjennomførast ei nærare vurdering av konsekvensar for tilsette, med referanse til § 3-1 i arbeidsmiljølova. Dette er både bra og interessant. Ut frå ordlyden opnar nemleg vedtaket for at nedlegging også kan ha konsekvensar som er uakseptable.

Kommunestyret sitt ansvar for skule på Gjøra

Det siste er det spesielt viktig at kommunestyret tenkjer gjennom når saka kjem opp på møtet den 25.03. Manglande dokumentasjon av konsekvensar gjeld nemleg ikkje berre for tilsette. Eg minner om det omtala møtet med foreldra den 21. januar i år. Her var det ikkje kommunen som gav foreldra høve til å gje sitt syn på ei nedlegging. Konsekvensane for foreldra er heller ikkje vurderte i saksframlegga. Derimot var det foreldra som bad om eit møte med kommunen, for å uttrykkje sterk uro over at redusert bemanning skulle gå ut over barna.

Sist, men ikkje minst, har vi spørsmålet om konsekvensar for heile lokalsamfunnet. Det er ikkje drøfta i saksframlegga. For ei reint fagleg og pedagogisk vurdering treng ikkje det å vera så viktig. Heilt annleis stiller det seg når kommunestyret skal avgjera den konkrete saka. Dei folkevalde medlemmane har sjølvsagt eit ansvar for kva vedtaket fører til for heile lokalsamfunnet. Det ligg også til grunn for rundskrivet om korleis saker om skulenedleggingar og kretsgrenser skal behandlast.

Til slutt dukkar spørsmålet opp att om løftebrot frå kommunestyret si side. Spørsmålet er særleg aktuelt for dei som gjennom flytting og investeringar har innretta liva sine etter vedtaket frå 2021. For å unngå konklusjonen om løftebrot er kravet etter mitt syn at kommunestyret forlengar drifta av skulen i alle fall til 2028. Først i 2028 kan ein privatskule på Gjøra koma i gang – i tilfelle kommunen ikkje finn det forsvarleg å drive vidare.


© Driva