menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

– Kommunen bryr seg ikkje om teknisk forskrift

9 0
wednesday

Sunndal kommune godkjenner byggverk, ei gangbru, berre 1,5 meter brei, som ikkje held krava i TEK 17 og vegnormalane. Grunngjevinga er at byggverket er «en betydelig forbedring» av dagens situasjon med manglande gang- og sykkelbru. For 3 år sia vart Hammarbru på Fv 62, som dei uvitande har kalla Tredalbrua, utbetra. Det er ein gang- og sykkelveg på begge sider av brua, men ei bru for dei gangande og syklande vart ikkje med. Då folk flest oppdaga dette, for Ap-ordførar Refstie til Molde for å tinge fram ei løysing. Han kom attende med ei smal bru som skulle hengast på utsida av hovudbrua og som kommunen skulle dekke halve av. Fylkeskommunen brukar så over 2 millionar kroner på å søke om avvik frå vegnormalane. (Ein oppegåande bruingeniør kunne ha planlagt, berekna og laga eit tilbodsgrunnlag på 1-2 veker.) Enden på den visa er at kommunen bevilgar meir pæng til det dei trudde skulle bli ei gang- og sykkelbru, men som no har vorte ei smal gangbru.

© Driva