Driver eg eit utdanningsprogram som fører studentar ut i arbeidsløyse?
Å skrive godt handlar om å beherske språk, det har alle vore einige om. Men har samfunnet i framtida behov for fagfolk som kan grammatikk, kommareglar, syntaks, skribenthandverk og ikkje minst – som meistrar kunsten å formidle?
Solveig Ragnhild Brandal er universitetslektor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). (Simon Oskar Brandal)
Eg er programleiar for eit nyutvikla bachelorprogram i språk og formidling ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Å utvikle eit utdanningsprogram tek tid, i vårt tilfelle fleire år.
Så kom ChatGPT. Eg gjekk heim og ringte til forlag, mediehus og andre aktørar innan bransjar som driv med skriving, omsetjing og språktenester og spurte korleis arbeidsmarknaden såg ut.
Svara var nedslåande. Generativ KI gjer meir og meir av jobbane, og den teknologiske utviklinga går i rivande fart. Ingen vågar å spå kva som skjer neste år, ikkje ein gong om eit par månader.
Å drifte eit utdanningsprogram som fører studentar ut i arbeidsløyse, er dødfødt. Eg la meg ned på sofaen, kva no? Og kva med kollegaene mine, vert deira språk- og skrivekompetanse også overflødig i framtida?
I desperasjon opna eg vår lokale KI-chat og spurte etter grunnar til å studere språk og formidling. Svara verka tilsynelatande........
© Dagsavisen
