Etappe-spelet
Teppet går opp med eit skrik: Ein fødsel - og livspulsen slår.
Etappane byrjar å rulle, heng saman og fører dit lagnaden rår.
Den største etappen er livet som følgjer frå vogge til grav.
Den minste er augneblinken - ein tanke, ei handling som stunda gav.
Krafta som driv denne pulsen er opplevingar, store og små.
Dei er som ljoset og skuggen, han følgjer oss dit vi skal gå.
Hending i tida blinkar som diamantar i solljos og snø.
Brått stoppar alt i mørkret: Ein sjukdom, og nokon må dø.
Etappar er avstand frå punkt til punkt, i tidsavsnitt pressar dei på
og fargar dagen og stunda, gjev ljos inn i kvardagen grå.
Etappar ligg gøymde i familien, i bryllup, i dåp og ein årmålsdag.
Etterpå storm ifrå stilla, idyllen kan ende i rop og slag.
Etappar vil femne om kjærleik med himmelstorm og stjernefall.
Alt søkk mot botnen og bermen, men akslar seg opp ifrå sjela kald.
Leik avlar mange gleder, på nytt blømer blomen i grøftekant.
Dagar grip saman i moro der skratt og skryt blir tøv og tant.
Gylne tonar i mangfald, i mjuk poesi over operatopp
er næring til hugen og sjela - er ljos som vil ut og opp!
Arbeid er livets signing, å gje av seg sjølv til dei du er nær.
Fram stig meininga, målet: Livet er dei du har kjær.
Dette er spelets etappar, heng saman og formar eit liv.
Er som treet om våren, dreg kraft, gjev vokster når sevja siv.
Livstreet atter blømer, men snart fell det blad, det lutar ned.
Den jagande dagen stilnar, vi veiknar og søkjer oss fred.
Livets spel sig mot slutten med sut og hjelprop, eit endekall:
Siste etappen ventar - og kjem vel tidsnok til teppefall.
