Korleis står det norske samfunnet i 2025?
Kronikk
Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Historia er full av nostalgiske forteljingar. Forteljinga om korleis Noreg er blitt eit av verdas best fungerande land – mest demokratisk, best på velferd og god på presse- og ytringsfridom, er ei slik forteljing.
Det er eit faktum at Noreg skårar godt på svært mange viktige parameter når det gjeld demokrati, sosial likskap, medbestemmelse og velferd. Ikkje minst er samfunnet vårt mye tryggare enn andre stader vi kan samanlikne oss med. Dette er kanskje også typisk for dei nordiske landa, som i tillegg er blant dei landa i verda med best velferd og ei gjennomgåande meir lukkeleg befolkning enn mange andre land i verda.
Når historikarar og samfunnsvitarar skal forklare korfor det er slik, er forklaringane mange, og særleg vanskeleg blir det når vi skal forklare kva hovudgrunnen er. Er det rikdomen? Er det likheitstenkinga? Er det fordi vi er så pragmatiske og samarbeidsorienterte? Er det fordi vi er så flinke og rettskafne?
Det er nok rett å seie at grunnane er fleire og at det er ein kombinasjon av grunnar som gjør det slik. Styresmaktene har folkeleg legitimitet, fordi folk oppfattar dei som rettmessige og rettferdige. Det er følgeleg relativ høg grad av tillit mellom innbyggarane og institusjonane i landet vårt. Det gjør at vi følgjer lover og reglar frivillig.
Vi er dessutan klare over at lover og reglar gjelder for likt for alle. Sjølv om nokre alltid er likare enn andre, oppfattar vi at der er lite korrupsjon, og jobb får ein stort sett basert på kvalifikasjonar, ikkje personlege nettverk eller sosial status. Rettsapparatet fungerer dessutan rettferdig. Og........
© Avisa Nordland
