Ja til nynorsk i Nordland
Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Fylkeskommunen i Nordland vil søke Utdanningsdirektoratet om å få prøve ut ei ordning med valfritt sidemål i den vidaregåande skulen. Bakgrunnen for søknaden er fylkesrådet i Nordland si innstilling til vedtak som fekk fleirtal i fylkestinget. Er dette ein hemnaksjon over at nynorsken sin far, Ivar Aasen, i si tid var nådelaus i si skildring av fylket vårt? Aasen var første gong i Nordland hausten 1846 og skriv i dagboka si at «Bredderne af Vefsenfjorden ere hæslige og for en stor Deel ubestigelige. Fjeldrækken De syv Søstre er skrækkelig».
Fylkesrådet meiner nok ikkje å hemne seg på Aasen, men argumenterer med at få elevar i fylket har nynorsk som hovudmål, og at valfritt sidemål kan vere med på å motverke fråfall frå vidaregåande skole. Desse argumenta er syltynne. Hovudvekta av norsk ungdom har allereie bokmål som hovudmål, dette er ikkje eit nordlandsfenomen. I høve til fråfall er det heller ikkje........
© Avisa Nordland
visit website