Kva er det eigentleg som held Noreg saman?
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Mykje av det vi lenge har teke for gitt, er ikkje lenger så sjølvsagt. Med Grunnlov skal landet byggjast.
Krigen i Europa har gjort at vi snakkar om beredskap på ein heilt annan måte enn før. Vi byggjer opp Forsvaret, styrkjer cybertryggleiken og investerer i kritisk infrastruktur. Vi veit at eit robust samfunn ikkje kjem av seg sjølv.
Likevel er det ein del av beredskapen vi sjeldan snakkar om: språket.
Språket er meir enn ord. Det er gjennom språket vi lærer, tenkjer, diskuterer og skaper ny kunnskap. Det er språket som gjer at lover kan bli forståtte, at styresmaktene kan kommunisere med innbyggjarane, og at demokratiet fungerer. Eit samfunn utan eit sterkt fellesspråk blir ikkje berre kulturelt fattigare.........
