Engelskspråkleg grunnskuletilbod? Just say no
Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Regjeringa vurderer å tillate engelsk som hovudspråk i den offentlege skulen. Dei må seie nei.
Manglerud skole i Oslo har tilbydd engelskspråklege klassar i ti år. Oslo kommune vil gjere prøveprosjektet permanent. No ber utdanningsbyråd Julie Remen Midtgarden (H) regjeringa om å endre opplæringslova. Det er det ingen grunn til å gjere. Norsk skal vere hovudspråket i den norske offentlege grunnskulen. Ein barriere blir broten om ein gjev permanent løyve til grunnskuleopplæring på engelsk. Det er problematisk nok med dei internasjonale private skulane.
Det er ikkje noko problem at norske elevar blir for lite eksponerte for engelsk, men det er derimot uakseptabelt at lese- og skrivekompetansen til norske elevar er for svak. Dessutan veit vi at vi lærer best når opplæringa skjer på eige morsmål. Høgre vil difor skape nye problem i forsøket på å løyse eit problem........
© Avisa Nordland
