menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Eg hadde trengt eit regnbogeflagg

9 0
17.06.2025

Debattinnlegg

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Heilt frå eg var ein liten gut, har eg visst at eg var annleis.

Foreldra mine var frå Tyrkia. Eg var brunare i huda enn dei andre i klassen, og blei mobba for det. Familien min var Jehovas vitne. Eg takka nei til bursdagsinvitasjonar. Eg sat på grupperom medan dei andre song julesongar. Gjekk for meg sjølv medan klassen øvde på 17. mai-toget.

Det var ikkje greitt, og det var tøft. Samstundes var det noko eg forstod. Det var konkret nok. Sjølvsagt var eg annleis. Eg var jo mørkare i huda og høyrde til eit trussamfunn mange ikkje skjønte seg på. Det eg derimot ikkje forstod. Ei kjensle eg ikkje kunne setja ord på. Ei hemmelegheit berre eg visste om. Ei sanning som vaks fram i meg jo eldre eg blei.

Det som gjorde at eg blei kalla “femi” på barneskulen. Det som gjorde at eg blei stressa då eg blei spurd kven av jentene eg likte på ungdomsskulen. Det som gjorde at eg visste så godt, men aldri sa det til nokon på vidaregåande. Det som stakk i meg då familie og vennar i trussamfunnet snakka om “Desse som lever i synd” og at “Det går an å forandra seg”.

Eg trur Alexander (7 år) hadde synest eit regnbogeflagg var fargerikt og litt rart. Eg trur Alexander (13 år) hadde synest eit regnbogeflagg var fint. Eg trur Alexander (18) hadde synest eit regnbogeflagg var trygt. Det hadde aldri, aldri vore skadeleg.

Eg (24 år) veit kor mykje regnbogeflagget kan ha å seia for dei som treng det som mest. Eit flagg som seier at du er ønskt akkurat som du er. Eit flagg som viser at du er trygg der du er. Eit flagg som er fint for alle, men som kan ha så mykje å seia for dei som treng det som........

© Avisa Nordland