Den nye smerteindustrien: Skal offentlige institusjoner bruke tid og penger på dette?
Den nye smerteindustrien: Skal offentlige institusjoner bruke tid og penger på dette?
Ina SandnesLeder, CRPS-Fellesskap
Bente Helene GranStyremedlem, CRPS-Fellesskap
Arendalsuka er ikkje gratis. Når offentlege institusjonar deltek, blir fellesskapet sine ressursar i praksis brukte. Då må vi kunne forvente at bodskapen som blir fremja, står på eit solid forskingsgrunnlag.
Arendalsuka skal vere ein nasjonal møteplass for kunnskapsbasert debatt. Nettopp derfor må vi stille spørsmål når offentlege institusjonar brukar tid, pengar og fagleg autoritet på å promotere behandlingsmodellar som framleis er omstridde og utilstrekkeleg dokumenterte.
Under årets Arendalsuka blir debatten «Hjernen skaper smerte – men systemet skaper kø. Hvordan løser vi det?» arrangert av Universitetet i Oslo.
I programteksten blir pasientar med langvarige smerter, utmatting og funksjonelle plager skildra som ei gruppe som kostar samfunnet milliardar. Samstundes blir løysinga i stor grad knytt til ein bestemt forståingsmodell: at hjernen skaper symptoma, og at nye psykologisk orienterte behandlingsmetodar kan bidra til å «skru dei av».
Det er lett å forstå kvifor dette bodskapet appellerer til politikarar og beslutningstakarar. Kven ønskjer vel ikkje ei løysing som både reduserer liding, kuttar helsekøar og får menneske raskare tilbake i arbeid?
Problemet oppstår når lovnadene blir større enn forskinga og empirien.
Ei forteljing politikarane gjerne vil høyre
Dei siste åra har det same fagmiljøet fremja Pain Reprocessing Therapy (PRT) som eit mogleg gjennombrot i behandlinga av kroniske smerter. Representantar for miljøet har uttalt at to av tre pasientar blir friske.
Dersom dette faktisk stemmer på........
