menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Ved ein skjebnens ironi blei Trump Støres rednings­mann

12 0
04.04.2025

Trump endrar norsk politikk

GJESTEKOMMENTAR: Trumps økonomiske berserkgang og politiske imperialisme skaper ei ny tidsånd hos oss og globalt. Styringsparti som garanterer for tryggleik, får auka appell.

Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS

I politikken er det viktigare å sjå framover enn bakover i tid. Det er verdt å minne om kva som var tankegangen til Senterpartiet og dei ufråvikelege krava då partiet gjekk ut av regjeringa slutten av januar. Det gjaldt å ta inn EØS-direktiv som er viktige for EU. Senterpartiet ville avvise og ta inn lovsaker vi under EØS-avtala alt er forplikta til å følgje. Støre insisterte på at med Trump på banen og tollkrig i kjømda måtte Norge vise seg som ein truverdig samarbeidspartnar for EU i staden for det motsette. Senterpartiet blånekta sjølv om direktiva i seg sjølv ikkje var særleg omstridde.

Ved ein skjebnens ironi blei Trump Støres redningsmann.

I dag kan ein lure på om jamvel Senterpartiet enno meiner det same om partiets eigne ultimatum. Skulle den norske statsministeren då, når det no er tollkrig, sitje i Brussel be om særbehandling frå EU for å unngå å bli ramma av vernetollen EU har rett til å innføre. Så skulle vi på same tid akkurat ha bydd opp EU til kamp ved å nekte å innfri deler i allereie........

© Aftenbladet