Trump stoppar, slettar og hindrar all kunnskap han ikkje liker. Det kan det bli nye pandemiar av
KOMMENTAR: President Trump stoppar, slettar og hindrar all kunnskap han ikkje liker at finst. Det kan det bli nye pandemiar av.
Kva vi erfarte under pandemien? At ein familie i eige nabolag kan bli dødeleg ramma av sjukdom – på grunn av noko som skjer i Kina. At vi faktisk kan vera så sårbare over så store avstandar, og med så mange land mellom. At vi trong hjelp og godvilje frå andre land, både til å skaffa smittevernutstyr og til å skaffa vaksinar. At det er heilt, heilt grunnleggande at tal og status om pågåande utbrot av smittsame sjukdommar er opent mellom land. At dei er til å stola på. At det ikkje er politisk farga skrytelister som blir delte. Og vi lærte at vi ikkje har lett for å setja barns beste høgt nok når det verkeleg gjeld.
Det er fem år sidan koronaen verkeleg begynte. Det er berre nokre veker sidan Donald Trumps andre presidentperiode begynte. Men vi har alt erfart kor utruleg kjapt det går å demontera eit samfunn.
For eksempel finst det ei liste frå presidenten, over ord det nå blir forbode å bruka i forskingsprosjekt som får eller søkjer støtte frå NIH – the US National Institutes of Health. Den lista er lang. Og det er mange, mange ord der som er så vanlege at det skal godt gjerast å unngå dei i forskingsprosjekt om helse. Det er ord som «sårbare grupper, kvinne, traume, ulikskap, skeivheit, underrepresentert, underprivilegert, historisk, systemisk, mental helse, uttrykk, status». Poenget er å få vekk all forsking som har det minste snev av det ein kallar DEI ved seg – på norsk mangfald, likeverd og inkludering.
© Aftenbladet
