– Me kan ikkje sitja stille og sjå på at livsgrunnlaget til lokale matprodusentar vert bygd ned
Kampen for beita på øyane i Stavanger
DEBATT: Me kan ikkje sitja stille og sjå på at livsgrunnlaget til lokale matprodusentar vert bygd ned.
Sissel Marie BjergaStavanger KrF og leiar Finnøy kommunedelsutval
Henrik HallelandVaraordførar i Stavanger (KrF)
Stavanger kommune ligg på 5. plass av kommunar som mister spreieareal av forbodet mot gjødsling av naturbeitemark. Bønder på Ryfylkeøyane risikerer å mista godkjenninga på over 2700 dekar spreieareal. Statsforvaltaren i Rogaland har nemleg varsla opphevingar som følge av at Stortinget har vedtatt ny gjødselforskrift.
Mange opplever dette som dramatisk og urimeleg, og fryktar at det trugar grunnlaget for vidare drift og matproduksjon, fordi det vil føra til reduksjon i antal dyr, og vidare redusert økonomi for seinare investeringar. Med berre 3 prosent matjord i dette skrinne landet, og med Stortinget sitt vedtatte mål om å auka matproduksjonen og sjølvforsyninga, er det spesielt at statens forvaltar i Rogaland går ut mot bøndene i det grønaste matfatet me har.
Dei siste vekene har fleire matprodusentar på øyane fått brev med varsel om mogleg oppheving av godkjent spreieareal........
