menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Er du ein gniar? Då må du rekna med å bli baktalt så det syng etter

21 0
31.10.2026

Er det lov å vere gjerrig?

DEBATT: Kva er forskjellen på å vera sparsam og å vera gjerrig?

Narve DolveFørsteamanuensis i pedagogikk UiS

Vi rosar den nøkterne og beundrar den sparsame, men ser ofte med skepsis på den gjerrige. Likevel er det ikkje alltid lett å vite kvar grensa går. Gjerrigskap handlar om meir enn pengar. Han kan òg kome til syne i kor villige vi er til å dele av tida vår, erfaringane våre og det vi elles har å gje. Når merkedagar og høgtider nærmar seg, og forventningane til rausleik aukar, blir spørsmålet ekstra aktuelt.

Dei fleste av oss kjenner nokon vi ville karakterisere som ekte gjerrige. I fleire år besøkte eg ein godt vaksen slektning tidleg i desember for å slå av ein prat. Vi avtala alltid besøka i god tid, og det var ikkje uvanleg at ho opna samtalen med å fortelje at ho dessverre hadde vakna litt forkjølt den morgonen. Difor hadde ho ikkje kome seg til butikken i nabobygget. Slik vart det ofte forklart kvifor det var smått med serveringa. Siste gongen eg stakk innom, lurte ho på om det var greitt at eg fekk kaffi frå dagen før. Eg hadde med fersk gjærbakst som tydeleg fall i smak. Før eg visste ordet av det, var tre av dei fire bollane borte. «Dette var kjekt», sa ho medan melisen trilla nedover haka. Eg slutta å besøkje henne. Det har eg i grunnen ikkje angra på. Det var melisen som gjorde utslaget.

Du blir ikkje populær om du sender Vipps-krav etter middagen du........

© Aftenbladet