menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Ny kraft kan ikkje møtast med rustne prosessar

9 0
29.04.2026

Morgondagens kraftutfordringar krev ein ny samfunnskontrakt

DEBATT: Dersom vi meiner alvor med at Norge treng meir kraft, må vi òg meine alvor med at dagens situasjon krev noko nytt av oss. Nye prosjekt kan ikkje møtast med rustne prosessar.

Mads DrangeOrdførar, Suldal (Ap)

Industri, elektrifisering, beredskap og ny verdiskaping krev meir energiproduksjon og meir effekt i åra som kjem. Samstundes står Norge framfor ei ny bølgje av vasskraftutbygging og modernisering. Likevel er systemet utdatert og verktøya for svake. Vi treng ein ny samfunnskontrakt.

Ei ny røynd krev nye svar

For kommunar som lever tett på krafta, er det tydeleg at det løftet som no må kome innan vasskraft, ikkje er ei enkel vidareføring av det som har vore før. Prosessane er meir komplekse. Naturomsyna er sterkare. Forventningane til tempo er høgare. Energimarknaden ser heilt annleis ut.

Nye prosjekt kan ikkje møtast med rustne prosessar. Nye konfliktliner kan ikkje handterast med gamle oppskrifter.

Likevel prøver vi ofte å løyse desse nye utfordringane med verktøy, roller og arbeidsformer som er forma i ei anna tid.........

© Aftenbladet