menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Eg går ofte heim frå jobb med vondt i hovudet

13 0
08.04.2026

Læraryrket vil bli endå meir kaotisk utan lærarnorma

DEBATT: Eg går ofte heim frå jobb med vondt i hovudet, og no skal kanskje lærarnorma også forsvinna.

Karina Fløysvik HæåkLærar, Nærbø

Ein vanleg dag er ein dag der eg går heim frå jobb med vondt i hovudet, utsliten og overstimulert, med dårleg samvit og hundre ting eg burde ha gjort. Me er allereie skore ned til beinet. Og no har kommunekommisjonen foreslått å fjerne vårt siste sikkerheitsnett: lærarnorma. Dersom forslaget, som fram til 16. april er ute på høyring, blir vedtatt i Stortinget, vil det vere eit gigantisk steg i feil retning for norsk skulepolitikk.

Snart avgjer Stortinget framtida til lærarnorma. Fristen for å komma med innspel er sett til 16. april. Mykje står på spel for norsk skulepolitikk om norma forsvinn.

Me går glipp av mykje

Ein latter. Eit smil. Ein klem. Gnisten i auga til eit barn det har gått opp eit lys for. Eleven som nesten er irriterande oppslukt av ei bok. Kvardagsaugeblinka er mange.

Men dei druknar dessverre ofte i ein enormt travel kvardag. Av og til får me rett og slett ikkje desse augeblikka med oss. For me er for få vaksne. For få til å sjå, og for få til........

© Aftenbladet