menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Til jord skal du bli

8 0
previous day

Til jord skal du bli 

DEBATT: Til jord skal du bli. Eit uttrykk me kjenner frå ei av dei meir viktige stundene i livet, men som kanskje òg burde få ein plass i diskusjonen om kraftlinjene i kommunen vår.

Nils Petter FlesjåFinnøy kommunedelsutval (H)

Håvard ØsthusFinnøy kommunedelsutval (KrF)

For dette handlar ikkje berre om eitt punkt på kartet, eller eitt prosjekt. Det handlar om fleire strekk, fleire inngrep og ei samla utvikling som vil prege det dyrebare og flotte landskapet vårt i generasjonar framover. Nettopp difor bør me stoppe opp og stille det grunnleggjande spørsmålet: Når me først byggjer for framtida, kvifor vel me då framleis løysingar i lufta? 

Me kunne ha teke diskusjonen ned i detaljane. Det finst nok av rapportar, utgreiingar og tekniske vurderingar. Men lat oss vere ærlege: Dette handlar ikkje først og fremst om det. Det handlar om kva retning me vel, og kva me meiner er godt nok. 

Jordkablar tryggare i ei uroleg verd

For ein dag vil nokon sjå tilbake på vala me tek no. Dei vil sjå anten master og liner som deler opp landskapet,  eller dei vil sjå at me valde å leggja det i jorda medan me hadde sjansen. Og om me ikkje vel å leggja det i jorda vil dei stille eit enkelt spørsmål: Kvifor gjorde dei ikkje det beste valet då dei kunne? Vi må aldri gløyme at vi låner landskapet av dei som kjem etter oss. 

Kulturlandskapet vårt er ikkje noko me kan setje på vent eller justere i ettertid. Det er forma gjennom generasjonar, og det er nettopp denne heilskapen som står i fare når nye luftspenn kjem til. Slike inngrep er ikkje berre tekniske, dei er visuelle, fysiske og varige. Jordkablar gir oss ei moglegheit til å byggje ut nødvendig infrastruktur utan å setje like tydelege spor etter oss. 

Samtidig må me våge å snakke om beredskap. I ei tid der sårbarheit i kritisk infrastruktur blir meir aktuelt, er det vanskeleg å forstå kvifor ein vel løysingar som ligg opent og tilgjengeleg. Luftlinjer er enkle å sjå, enkle å påverke og meir utsette, enten det er naturkrefter eller noko meir alvorleg. Jordkablar er ikkje utan risiko, men dei er langt mindre eksponerte. Det burde vere ein del av vurderinga.

Lett å miste oversikta

Så blir det ofte sagt at dette handlar om kostnad. Men dette er investeringar som skal vare i fleire tiår. Då held det ikkje å sjå på kva som er billigast her og no. Dette er store utbyggingar, gjennomførte av aktørar som har både ressursar og ansvar. Då framstår det som eit val, ikkje ei avgrensing, når ein vel bort dei løysingane som tek best vare på landskap og tryggleik.

Når prosjekt i tillegg blir delte opp i fleire strekk og søknader, blir det lett å miste oversikta. Kvar del kan framstå som liten og handterleg. Men summen av dei er det folk faktisk må leve med. Det er den samla belastninga som betyr noko, ikkje korleis det blir presentert på papiret. 

Difor handlar ikkje dette om enkeltstrekningar eller tekniske detaljar. Det handlar om kva slags spor me ønskjer å setje etter oss. 

Til jord skal du bli. Spørsmålet er om me let det gjelde for løysingane våre òg, medan me framleis har valet. 


© Aftenbladet