menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Kva må til for at stilla ikkje veks som ein kreftsvulst på arbeidsplassen din?

18 0
02.03.2026

GJESTEKOMMENTAR: På 60-talet skreiv Paul Simon The sound of silence. Arbeidsplassane våre har noko å lære av songen og bibelhistoria songen bygger på.

Dorrit VignesOrganisasjonspedagog, leiingsgründer og føredragshaldar

Songen til Simon handlar om ein person som går ute på natta. Brått blir han blenda av eit lys. I lyset ser han tusenvis av folk som ikkje snakkar saman. Ingen tør forstyrra lyden av stille.

Så prøver personen å få folka til å snakke saman. Han seier: Folkens! Veit de ikkje at stilla veks som kreft? Men folkemengda snur seg bort frå han og tilber heller guden dei har laga. Og medan folkemengda snur seg, blenker eit neonskilt ut ei åtvaring.

Dagane dine er talte!

Paul Simon hadde truleg historia om kong Belsasars gjestebod frå Daniels bok i Bibelen bakhovudet då han skrive songen. For også her dukkar det opp uventa og uforklarleg skrift i lause lufta.

Bibelhistoria fortel om ein gjeng som meskar seg med god mat og drikke og der vinen blir servert i stolne gullkar frå tempelet i Jerusalem.

Gud i Gamletestamentet er ikkje nådig mot umoral. Og kong Belsasar hadde allereie fått åtvaringar om å ikkje bli hovmodig. No var det nok. Midt i festen, ut av lause lufta, kom brått ei hand og skreiv noko utydeleg........

© Aftenbladet