Derfor mener hun det er feil å nekte hund på buss
Det skal ikkje vere slik at ein lojal, roleg og snill hund kan bli varig nekta å ta buss i Noreg. Men det er nettopp det som skjedde med Albert – hunden som saman med eigaren sin, Sara Rolfsøn , plutseleg fekk beskjed om at dei ikkje lenger var velkomne på ruta mellom Stugudal og Trondheim. Grunngivinga? Nokre passasjerar meinte hunden var til sjenanse. Kva som faktisk var problemet, det fekk dei aldri vite.
I staden for ein ryddig dialog fekk Sara etter sigande ei melding via sjåføren sin private Facebook-profil, på oppdrag frå leiinga. Er dette verkeleg måten eit kollektivselskap skal fatte og formidle så alvorlege avgjerder på? Utan skriftleg vedtak. Utan forklaring. Utan moglegheit til å rette opp i noko som helst.
Nektet på bussen: Her går Sara og Albert fra Stugudal til Trondheim
Når ein hund blir nekta adgang, blir også eigaren nekta mobilitet. For mange som bur i distrikta – unge, eldre, studentar og folk utan bil – er kollektivtransporten einaste måten å få kvardagen til å gå rundt. Sara og Albert gikk tretten mil for å komme seg til veterinær i Trondheim. Tretten mil. I 2026. Fordi bussen sa nei.
Og det grove er: Albert var i følge Rolfsøn heilt stille. Ingen bjeffing, ingen knurring, ingen uro. Han var ein heilt vanleg, venleg hund.
I dag varierer reglane for hund på buss, tog, trikk, bane og ferje frå fylke til fylke og frå selskap til selskap. For hundeeigarar er det eit kaos. For transportselskapa er det unødvendig komplisert. Og for klimaet er det dårleg: Når hundar ikkje slepp om bord, blir mange tvinga over i bil.
Løysinga kan vere nasjonale minimumsreglar. Det er den einaste måten å sikre eit ope, forståeleg og praktisk system. Hundar må vere velkomne på all kollektivtransport – med tydelege soner, klare reglar og god informasjon. Dette er ikkje vanskeleg. Det krev berre vilje.
Skrivekonkurranse: «Fortell oss om noe du aldri glemmer!»
I saka med Albert har AtB opptredd både arrogant og lite løysingsorientert. Kva med ein hundesone bak i bussen? Kva med ein samtale før ein forbyr? Kva med ein profesjonell prosess?
Og kvar er politikarane? Dette handlar om klima, distriktspolitikk og lik rett til mobilitet. Det er merkeleg stille.
Nesten alle situasjonar som gjeld hund om bord kan løysast med dialog, enkle tilpassingar og sunn fornuft – ikkje varige forbod. Hundar er ein naturleg del av liva til hundretusenvis av nordmenn. Dei må også vere ein naturleg del av kollektivtilbodet.
Så la oss seie det heilt tydeleg: Det er ikkje rettferdig å nekte ein hund å ta bussen. Det er ikkje berekraftig. Det er ikkje moderne. Og det er ikkje naudsynt.
No må styresmakter, fylkeskommunar og transportselskap gjere det dei burde gjort for lenge sidan: Opne kollektivtransporten for hundar – og gi oss nasjonale reglar som fungerer.
Noen ting skjer bare én gang i livet. Fortell din historie og vinn 10 000 kroner! Les hvordan du deltar i Adressa Debatts skrivekonkurranse her!
