Skulen er ikkje skule lengre. Mamma og pappa seier at det har blitt kontor der
Sjå for deg at du bur i eit av dei siste husa i enden av Ødegårdsvegen i Eiksund. Du fylte seks år i oktober, no er det blitt desember og du er snart klar for din fyrste juleferie som skuleelev. Mamma og pappa jobbar i Ørsta og dei har sagt at det går heilt fint å køyre deg til skule, men du har bestemt deg for å prøve å ta skulebussen. Du held mamma hardt i handa på veg ned til der bussen stoppar, dokke gir kvarandre ein god klem og seier hadet til kvarandre før du går på bussen. Bussjåføren er ein framand mann du aldri har sett før, men han smiler og seier god morgon medan du viser fram busskortet ditt. Du sett deg heilt fremst i bussen nærast vindauge slik at du kan vinke til mamma når bussen køyrer. Du strevar litt med sikkerheitsbeltet, men får det til, dette har du øvd på i bilen. Beltet skjer litt mot halsen for du har ikkje sittepute.
I løpet av natta har det både snøva og regna, så vegen er slapsete og litt glatt. Bussen køyrer og du vinkar til mamma, no angrar du litt på at du sa du ville ta bussen.. Det går ikkje lange stunda før bussen har sitt første stopp, her kjem det på fleire ungar frå nabolaget, nokre kjenner du frå barnehagen, andre ikkje. Eit stykke lenger borti vegen stoppar bussen igjen og nokre store ungar du aldri har sett før kjem på. Dei ropar litt, og sett seg lengst bak i bussen. No tenker du at det ikkje er fleire stopp i Eiksund, men endå ein stor gut kjem på etter berre nokre sekund, han kjenner du heller ikkje.
No køyrer bussen vidare og ut på storevegen, men det tek ikkje lange........
© Vikebladet
