Aldersgrense på energidrikke – eit nødvendig grep for å verne barn og unge si tannhelse
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Energidrikkene er lett tilgjengelege, ofte marknadsførte mot ungdom, og blir konsumert i stadig yngre alder. Når tennene enno er under utvikling, og evna til å forstå langsiktige konsekvensar er avgrensa, er det ikkje nok å stole på individuell ansvar og informasjon aleine. Difor er det på høg tid med ei aldersgrense – eit strukturtiltak som kan hindre varige helseskadar og bidra til å redusere forskjellar i helse.
Energidrikke er ikkje laga for barn, og konsekvensane av tidleg og hyppig bruk kan vere alvorlege og irreversible.
Ei aukande tannhelseutfordring blant barn og unge
Tannhelsa blant barn og unge har blitt klart betre dei siste tiåra, mykje takka vere kunnskap om førebygging. Samanhengen mellom sukkerinntak, fluor og god munnhygiene har fått mykje merksemd og ført til ein nedgang i karies (hol i tennene). Men ei ny utfordring har vokse fram: Inntaket av brus og energidrikke aukar, både med og utan sukker. Det som færre er merksame på, er at sure drikker med låg pH løyser opp emaljen og vaskar denne bort. Resultatet blir varig slitasje – tennene får ising, misfarging og blir svekka i både funksjon og utsjånad.
Kvifor er energidrikke spesielt alvorleg?
Noreg har eit høgt bruskonsum. Sukkerbrusen har gått litt ned, men totalt volum held seg stabilt fordi sukkerfrie alternativ tek over. Samtidig viser undersøkingar at stadig fleire ungdommar drikk energidrikke regelmessig – og for energidrikker er det fleire som vel med sukker enn det er for brus. Desse drikkane er ikkje laga for barn, og har merking som seier at dei ikkje er tilrådde for barn. Grunnen er det høge........
© Tidens Krav
