Høgre seier nei til Arbeiderpartiet si nye avgift!
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Støre og Stoltenbergs nye avgifter drep arbeidsplassar og svekkar beredskapen.
Støre-regjeringa innførte for få veker sidan ei særnorsk CO₂-avgift på drivstoffet til fiskebåtane våre, sjølv når båtane opererer i utanriksfart. Dette høyrest kanskje teknisk ut, men konsekvensane er alt anna enn det. Avgifta representerer ein prisauke på opptil 60 % for fiskebåtane. Allereie har grepet frå Jens Stoltenberg ført til permitteringer av norske arbeidsfolk, ei svekt kystberedskap, og meldingar om at norske fiskebåtar no fyller drivstoff i utlandet for å unngå den særnorske avgifta. Når norske fiskebåtar fyller drivstoff i utlandet, vil det òg medføre proviantering og kjøp av andre tenester, samt at fisken lettare vil bli levert der.
Beredskapen
Dette handlar ikkje berre om pengar, norsk konkurransekraft og norsk verdiskaping. Det handlar òg om beredskapen i kyst-Noreg i ei uroleg tid. For når lokale bunkringsanlegg vert lagde ned, forsvinn òg forsyningstryggleiken. Ikkje berre for fiskeflåten, men òg for forsvaret. Vi snakkar om tryggleik. Vi snakkar om lønsame, norske jobbar. Vi snakkar om familiar og lokalsamfunn.
Og for kva? Det er sanneleg ikkje lett å seie.
For i ein debatt mot meg i Dagsnytt 18 på NRK denne veka sa Jens Stoltenberg sin våpendragar, statssekretær i Finansdepartementet, Ellen Reitan, at Arbeiderpartiet TRUR avgifta vil føre til reduserte klimagassutslepp. Vidare sa ho at det er INGEN TVIL om at dette er ei næring der klimagassutsleppa enkelt kan flyttast til andre land.
Symbolpolitikk
Arbeidarpartiet har altså innført ei........
© Tidens Krav
