menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

I ei tid med arbeidskraftkrise i Møre og Romsdal må vi investere i framtida

7 0
21.01.2025

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det å sørge for god utdanning, er den viktigaste investeringa vi gjer for framtida i Møre og Romsdal. Derfor må kvalifisert undervisningspersonell prioriterast i lønnsoppgjeret i 2025.

Bedriftene i Møre og Romsdal fylke ligg på ein verstingplass i landet med ikkje å greie å rekruttere arbeidskraft. NAVs Bedriftsundersøkelse 2024 viser at 29 prosent av bedriftene måtte enten tilsette nokon med lågare utdanningsnivå enn ønska, eller la vere å tilsette i det heile tatt. Dette er bekymringsfullt.

Konkurransen om arbeidskraft er stor i heile landet, og vi konkurrerer om dei same sjukepleiarane, byggingeniørar og lærarane. I tillegg har vi også ein «lekkasje» av ungdom som reiser ut av regionen når dei skal ta høgre utdanning. Berre 30,3 prosent av søkarane i Møre og Romsdal søkar til sitt heimfylke.

God kvalitet i vidaregåande opplæring spelar ei viktig rolle for å løyse desse utfordringane. Vi må satse på vidaregåande opplæring som legg grunnlaget for både høgre utdanning og fagbrev. Ein skule med høg kvalitet vil også kunne førebygge utanforskap og sjukefråvær, og bidra til at fleire går inn i arbeidslivet.

Møre og Romsdal fylke skal gje innspel til kommunane sin interesseorganisasjon KS om kven som skal prioriterast i lønnsoppgjeret. KS teiknar eit bilete av ein offentleg sektor i krise, både når det gjelder økonomi og arbeidskraft. KS seier at "Vi må klare å få flere inn i arbeidslivet". Når framskrivinga viser at det blir færre unge framover, blir dette enno viktigare.

Vi som har skoa på, vil peike på dei tre viktigaste tinga for å lykkast med dette oppdraget.

Bruk lønn til å rekruttere lærarar

Det er for mange ukvalifiserte som underviser i skulen, og det er for mange kvalifiserte lærarar som snakkar om å skifte beite. Dersom vi skal ha ein fellesskule med høg kvalitet, må alle elevar få undervisning av kvalifiserte lærarar.

Møre og Romsdal........

© Tidens Krav