menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Straumprisen velta regjeringa

10 0
01.02.2025

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det vart straumprisen, som gjorde at Senterpartiet valte å ta konsekvensen av dette og gå ut av regjeringa. I staden for å vedta fleire nye direktiv og overføre endå meir makt til EU vil Senterpartiet ta tilbake styringa over vår eigen straumpris som i dag er ein flytande marknadspris, som ikkje eg klarer å forstå, anna av enn at det er andre krefter, som er inne og overstyrer, slik at regjeringas handlekraft vert å redusere skaden av ein svimlande straumpris, som etter mitt syn er eit resultat av at EU har teke over styringa. Det som no gjeld er som Vedum sa å ta tilbake styringa over den norske straumprisen.

Utanlandskablar var tenkt for å eksportere vår overskotsstraum til dei stader som vil kjøpe vår straum til marknadsprisen som er hos dei som kjøper. Ingen tenkte vel at dette skulle føre til tyske tilstandar med timepris på opptil 13 kroner også vert gjeldane i vårt land. Forstå det den som kan. Dette er marknadsgalskap når vi veit at kostnaden med å produsere 1 kwh straum i Norge er 12 øre. Dette er både meiningslaust og kolliderer med sunn fornuft.

Ny energilov

Regjeringa har ansvaret for den høge straumprisen, difor vert noko av utfordringa å bøte på dette skadeverket. I Nationen 11, januar 2024, får tidlegare olje og energiminister Eivind Reiten gjere greie for si regjerings liberalisering av kraftmarknaden, då han var energiminister i 1991. Då det vart vedteke ei ny energilov der alt vert lov. Han meiner i intervjuet at dette har fungert godt i 30 år, men fryktar no at det liberaliserte straummarknaden har overlevd seg sjølv og ikkje er noko for framtida.

Berre ei ny energilov kan løyse straumkaoset både på kort og lang sikt. Støreregjeringa har drive brannslokking og set ned kommisjonar, etter eit straumkaos der Ap. saman med Høgre har vore tunga på vektskåla for Acer- medlemskap, utanlandskablar og EØS medlemskap. Reiten si energilov har fungert godt i 30 år, men no har verknaden av marknadskreftene gjort staten til den store syndebukken og er i ferd med å kvele både vår privatøkonomi og konkuranse-evna til vårt næringsliv.

Ein kan difor registrere at når vi kjøper tilbake straum må vi betale den prisen som gjeld i det landet den kjem frå. Dette er marknadsøkonomi på sitt verste, etter velkjent Blårussteori, der private og næringsliv må betale leiken. EØS avtala vår og tilhøyrande EU direktiv, bind oss på hender og føter og gjer det vanskeleg å drive vår eigen energipolitikk for vasskrafta vår. EØS avtala kostar meir enn den smakar. Difor er ikkje Acer og EØS avtalen noko vi kan basere framtida vår på, om vi ønskjer å bestemme vår eigen straumpris innanlands i Norge. Vi treng ikkje fleire nye EU direktiv, men ei ny energilov, der vi sjølve tek styringa over prissettinga på vår eigen nasjonale straumproduksjon.

Vilje og gangsyn

Det er urimeleg at styringa over straumprisen vert gjort utanfor våre landegrenser og utan nasjonal styring over det som vert kalla arvesølvet vårt, energien frå fossefalla. Dette har diverre også høgsterett også slått fast når det gjeld EØS og Acer. Difor må vi snarast ut av slike meiningslause avtalar. Målet for norsk straumpris må ta utgangspunkt i at det kostar i underkant av 12 øre å produsere ein kwt. Straumprisen burde også som prinsipp vere lik over heile landet, uansett kvar ein bur.

Vegen til rett straumpris er ikkje vanskeleg om ein har politisk vilje og gangsyn. Det første ein må gjere er å vedta ei ny revidert energilov som erstattar fri marknadsflyt, men har dei avgrensingar som trengs for vår nasjonale prisfastsetting. Lova må endrast slik at det i framtida ikkje vert høve til å kappast om marginale straumprisar på landsbasis. Då vert det ikkje lenger........

© Tidens Krav