Butikkens framtid på Vevang
Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Grendahuset på Vevang var fylt til siste plass 28. januar då bygdabutikken si framtid var temaet for møtet, som butikkeigar og drivar Coop inviterte til. Det store oppmøtet tyder på at butikk i bygda er noko som opptek folk og som skaper engasjement.
Det var driftssjef for markedssegmentet, Hanne Oksvoll Langås som stod for informasjonen frå regionsenteret på Orkanger, som butikken på Vevang vert styrt frå.
Ho fortalte at markedsbutikken på Vevang hadde gått med underskot 9 av dei 10 siste driftsåra. De eiaste året med overskot var Koronaåret. Etter 2020 er det eit samla underskot på kr. 1 300 000.- Omsetninga det siste året var kr. 8 100 000-. Folketalet på Vevang representerer eit marknadsvolm på totalt 17 600 000-. Slik at handelslekkasjen for Vevang er kr. 9 500 000.- Så langt tala som ho hadde på plansjene sine.
Pris
Det vart frå salen sagt at den største grunnen til handelslekkasjen var at markedssegmentet prisar seg ut av markedet og let andre private handelskjeder på Eide og Averøya ta over handelen som markedsbutikken på Vevang har gått glipp av og som har resultert i at det over lang tid har vore raude tal i rekneskapen for butikken på Vevang.
Coop orsaka seg med at dei hadde ei segmentering som er slik at dei må ha høgare pris der omsetninga ikkje fyller dei rammer som organisasjonen har lagt for si drift.
Det vart opplyst at dei andre kjedene Coop konkurerer mot også har slik segmentering og difor forstod vi det slik at det på ein måte var dei andre kjedene som la føringa og var grunnen til at Coop, som skal vere ein solidarisk organisasjon også måtte ha det slik.
Lyst ut drifta
Det vart vidare orientert om at ein for framtida hadde ønskje om å sette ut drifta til ein person som stod økonomisk ansvarleg for driftsresultatet og som leigde butikken av Coop og tok varene sine frå Coop og heldt dei utsalsprisane som er i Coop sitt markedsegment. Den einaste forskjellen i praksis vert at ein privatperson tek på seg det økonomiske ansvaret og fritek Coop for framtidig underskot på butikkdrifta på Vevang.
Coop hadde teke kontakt med fleire og lyst........
© Tidens Krav
![](https://cgsyufnvda.cloudimg.io/https://qoshe.com/img/icon/go.png)