Bomskotet rett til skogs for Listhaug
Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg ser i media at Sylvi Listhaug vil gå ut i valkampen og marknadsføre FRP som eit antikulturparti.
Sylvi minner meg om bygdejenta som fekk fin huspost i byen. Ho kom på heimebesøk etter eit par veker og knota det beste ho kunne. Kva ei rive var hadde ho visst gløymt. Men så var ho uheldig og tok nokre steg bakover. Eine foten trakka på rivetindane. Riva vippa opp og skaftet trefte bakhovudet. Då kom det nokre ukvemsord med spørsmål om kven som i all verda hadde plassert riva der.
Ein annan historie: Ein nordlending fortalde om då han skulle kjøpe seg ei brok i Oslo. Ekspeditrisa markerte at ho ikkje forstod kva han ønskte seg. Han spurde då om han skulle slå om til fransk. No plutseleg forstod ho kva ei brok var, for å selja ei brok ville ho.
Betring i bokmål
Jau, det er nok av folk med fordomar mot norsk språk og kultur, jamvel no etter at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Men det finst unnatak.
Eg las eit lesarinnlegg i Bergens Tidende ein sommar på 70-talet.........
© Tidens Krav
