menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Enden på visa blir at alle «mann» i betydninga menneske kan bli kasta over bord

9 0
tuesday

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ord med «mann» i har blitt gjort til fiendar av likestilling, og no vil Ap-regjeringa fjerne ordet lagmann. Ord som lensmann og rådmann har allereie vorte ofra på den moderne kjønnsnøytralitetens alter.

Vi står no i fare for å miste det kulturelle grunnlaget vårt for å oppfatte «nordmann» og «allemannsretten» som noko om femnar om oss alle, uansett kjønn.

Det botnar i pinleg kunnskapsløyse når gode norske ord med lange tradisjonar blir fjerna slik. Samansette ord med «mann» viser nemleg ikkje spesifikt til karar, men til menneske.

Såleis er orda allereie kjønnsnøytrale. Kvifor kan vi ikkje heller omfamne uttrykka og halde fram med å inkludere oss alle i dei?

Det er på høg tid at vi styrkar den språklege og kulturelle ryggrada i samfunnet vårt. I staden går Ap-regjeringa no altså inn for å fjerne mann i «lagmann» og «lagmannsrett».

Ikke kvinneske

Lagmann finn vi så langt tilbake som i Magnus Lagabøtes landslov frå 1274. Det er ei nemning på nokon som er lovkyndig - ei samansetting av det norrøne ordet for lov og mann for menneske.

Eg er kvinnfolk sjølv, men sjølvsagt også nordmann – og eit menneske. Ikkje eit «kvinneske», altså, trass i at somme prøver seg på slike omskrivingar.

Om eg hadde ei slik........

© Tidens Krav