Våpen er ikkje vegen til fred
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Dagens konsensus i Vesten ser ut til å vere at alle land må ruste opp eigne forsvar for å sikre at det blir fred. Nato står allereie for meir enn halvparten av verdas militærutgifter. Argumentet for europeisk opprusting er trusselen frå Russland.
Russland hadde i 2022 eit forsvarsbudsjett på om lag 1/10 av Nato målt i dollar som kjøpekraftjustert utgjer om lag 24 prosent av Nato sitt budsjett. Russland har ca. 146 mill. innbyggarar (Europa ca. 550 mill.) og har BNP på nivå med eit middels stort land i Europa.
Truleg er også Russland sin våpenteknologi av dårlegare kvalitet enn NATO sin. At Russland skal angripe Nato-land er derfor veldig usannsynleg.
Fredspoliti
Det norske forsvarsbudsjettet er på 110 milliardar i 2025. Alle partia på Stortinget har vore med på eit historisk forsvarsforlik der det vart vedteke å bruke 611 milliardar ekstra på forsvaret dei neste 12 åra.
I juni i år har NATO landa i Europa vedteke å bruke fem prosent av BNP på forsvar. Berekna utifrå BNP for 2024 utgjer dette 146 milliardar ekstra for Norge slik at totale forsvarsutgifter blir ca. 47.000 kr pr innbyggar pr år.
Støtta til Ukraina var på 25 milliardar i fjor, og vil bli langt større i år.
Eg trur ikkje på retorikken om at våpen er vegen til fred, og meiner at Norge heller bør bidra til å etablere ei fredeleg og rettferdig verdsordning. Dette kan gjennomførast ved at FN etablerer seg som eit reelt fredsskapande organ slik hensikta med opprettinga var.
Dette kan for eksempel gjerast ved at FN etabler eit fredspoliti med maktmidlar og........
© Tidens Krav
