menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Kva er så ansvarleg eller trygt ved å seie opp snart 10 prosent av dei tilsette ved sjukehusa?

10 0
27.05.2025

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kvar har Ap og Kjølmoen vore når AP og helseminister Vestre legger opp til å nærmest rasere helse og sjukehustilbodet her i fylket?

Ikkje berre har AP med god støtte frå Sp og Høgre lagt ned rehabiliteringssenteret på Mork, men også gjennomført innføringa av ei vanvittig helseplattform som har ført økonomien til Helse Møre og Romsdal aldeles ut for stupet.

No ser vi alle resultatet av Ap og helseministeren Vestre sin helsepolitikk, der helseforetaket på grunn av denne politikken legg opp til å måtte kutte heile 675 million kr i drifta samt seie opp over 500 sårt trengte tilsette ved sjukehusa her i fylket.

Dette er den såkalla «ansvarlige og trygge linja» som Kjølmoen heile tida snakkar om, kva er så ansvarleg eller trygt ved å seie opp snart 10 prosent av dei tilsette ved sjukehusa? Og, kva er så ansvarlig ved å kutte 675 million kr som vil medføre rasering av helse tjenestene?

Kan du svare på dette Kjølmoen?

Må på banen

Kvar er AP sin omsut for alle dei tilsette som no helseministeren frå AP berre stille godtar kan bli sagt opp, er ikkje alle dei sjukehustilsette som arbeidar på sjukehusa i Møre og Romsdal noko som AP bryr seg om?

Og, kva med pasientane, kven har tida til å vente og sjå slik helseministere Vestre meiner at ein må gjere, «ha is i magen» uttalte han.

Ingen sjuke som ventar på heilt nødvendig helsehjelp på sjukehusa har tida til å vente, eller ha «is i magen».

AP og helseminister Vestre set med ansvaret og er generalforsamling for helseforetaka. Det nyttar lite å diskutere kvifor det........

© Tidens Krav