Er det ein jobb eg og andre bønder skal gjere på dugnad?
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Noreg er verdas rikaste land. Samstundes er vi, i følgje FN sin organisasjon for mat og landbruk, også verdas minst sjølvforsynte land. Til og med fattige land i Afrika og Asia, som vi vanlegvis ikkje likar å samanlikne oss med, klarar å produsere meir mat til eiga befolking enn det Noreg gjer. No er det på tide å vakne opp. For uansett kor rikt Noreg blir, kan vi ikkje ete pengar.
Kven skal sikre maten?
«Det bodde en underlig gråsprengt en / på den ytterste, nøgne ø…»
Slik startar Henrik Ibsen sitt kjende dikt om Terje Vigen.
Diktet tek oss med over 200 år tilbake i tid, til eit Noreg i krise. Vêret gjorde at avlingane var dårlege, det var britisk handelsblokade og tusenvis av nordmenn døydde av svolt. Mykje har forandra seg i Noreg på 200 år, men dei naturgjevne føresetnadane vi har for å produsere mat er framleis dei same.
Berre to-tre prosent av landarealet vårt er dyrkbart. Noreg er det same kalde og karrige landet i nord i dag, som vi var i Terje Vigen si tid. Til skilnad frå tidleg 1800-tal har vi i dag pengar, betre maskiner og i større grad politisk vi moglegheit til å kunne prioritere landbruk og matproduksjon. Då lyt vi også gjere nettopp det. For kven skal sikre maten vår i framtida?
Voldsomt ansvar
Eg har odel. Heile livet mitt har eg visst at eg ein dag skal ta over familiegarden, og drive den slik generasjonar har gjort før meg. Det er ingenting som kjennes meir meiningsfullt ut enn å utnytte ressursane på garden og å produsere mat. Men det kjennest også ut som eit voldsomt ansvar. For når eg tek over garden skal eg ikkje berre ta vare på dyra mine, gje dei kjærleik, omsorg, helsehjelp og fór, men eg skal også........
© Tidens Krav
