menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Kommuneøkonomien må styrkast vesentleg

11 0
19.07.2025

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dårleg kommuneøkonomi går ut over innbyggarane og svekker demokratiet. Kven vil vere lokalpolitiker når kommunene berre må kutte? Kommunene har eit ansvar for å få budsjetta i balanse men SV meiner staten underfinansierer kommunene og fylka, og at kommuneramma og fylkesramma må aukast med minst seks milliarder kroner i 2026.

KS si ferske rekneskapsundersøking syner alvoret. Skal vi gi innbyggarane nødvendige tenester og infrastruktur må det rett og slett fylgje meir pengar med oppgåvene. Inntektssystemet vart litt forbetra i 2024, men vi har ein rik stat og fattige kommuner, og det kan Stortinget gjere noko med.

Meir pengar til kollektivtrafikk flom og rassikring

Fylkeskommunane rapporterer krise i kollektivtrafikken. Dei auka kostnadane i anboda er ikkje dekt av deflatoren regjeringa legg til grunn for budsjettrammene. Difor meiner SV at meirkostnader på 1,5 milliarder kroner må kompenserast i 2026 slik at ein kan unngå rutekutt og svekka tilbod. Etterslepet for vegvedlikehald, ras og flomsikring av vegnettet eit anna stort problem. Staten bruker tre gongar så mykje til vegvedlikehald pr.kliometer som fylka og kommene.

Etterslepet på vegvedlikehald i kommuner og fylker nærmar seg totalt sett 1 mrd. i fylgje Rådgivande ingeniørers foreining sin rapport Rikest tilstand 2025. Meir pengar til vegvedlikehald er ikkje berre eit finansieringsspørsmål men også eit viktige sikkerheitsspørsmål. Vi må dessutan gjere kommunane og fylka i stand til å møte dei aukande utfordringane med flom og rasfare.

Vi veit det vil lønne seg å starte klimatilpasninga ikkje berre reparere i etterkant. Noko av det mest effektive fylka kan gjere for å kutte utslepp er å elektrifisere ferjene, og vi foreslår difor å auke i........

© Tidens Krav