menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Dette er ei forpliktande, langsiktig investering i halvparten av befolkninga si helse

10 0
yesterday

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er på tide at vi snakkar høgt og tydeleg: Kvinner har i altfor lang tid blitt oversett i helsepolitikken. I møte med fastlegen får mange kvinner fortsatt høyre at dei bør «ta ein Paracet og slappe av», sjølv når dei kjem med alvorlege smerter, hormonelle plager eller symptom som påverkar både jobb, familieliv og livskvalitet. Det må bli slutt på det. Og Senterpartiet har ei konkret løysing: ein kvinnehelsemilliard innan 2035.

Dette er ikkje eit valflesk. Dette er ikkje festtale. Dette er ei forpliktande, langsiktig investering i halvparten av befolkninga si helse. Det handlar om forskingsmidlar, raskare behandling, betre kompetanse, kortare ventetider og ikkje minst betre helse for kvinner i distrikta og for samiske kvinner. For oss i Senterpartiet og Senterkvinnene er dette ei kjerneprioritering – ikkje eit punkt i margen.

Kvifor treng vi dette løftet?

Fordi kroppen til kvinner ikkje er lik som kroppen til menn. Likevel er helsevesenet i stor grad bygd opp rundt ein mann som «standardpasient». Kvinner blir dårlegare diagnostisert, dårlegare behandla og må leve lenger med symptom utan hjelp.

Fordi talet er klårt: Kvinner med kroniske smerter og hormonelle sjukdommar ventar i snitt 7 år før dei får rett diagnose. Rekonstruksjon etter brystkreft kan ta opp til 6 år. Det er uverdig. Og det kostar – både menneskeleg og økonomisk. Dette er ikkje berre kvinnehelse – dette er samfunnsøkonomi.

Kva foreslår Senterpartiet?

  • Kvinnehelsemilliard – minimum ein milliard innan 2035 øyremerka kvinnehelse
  • Raskare tilgang til hormonbehandling, overgangsalder på blåresept
  • Betre forsking – med kjønnsperspektiv i utdanning og medisin
  • Styrking av distrikts- og samisk medisin,........

    © Tidens Krav