menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Høgre seier nei til Arbeiderpartiet si nye avgift!

6 0
19.07.2025

Støre-regjeringa innførte for få veker sidan ei særnorsk CO₂-avgift på drivstoffet til fiskebåtane våre, sjølv når båtane opererer i utanriksfart. Dette høyrest kanskje teknisk ut, men konsekvensane er alt anna enn det. Avgifta representerer ein prisauke på opptil 60 % for fiskebåtane.

Allereie har grepet frå Jens Stoltenberg ført til permitteringer av norske arbeidsfolk, ei svekt kystberedskap, og meldingar om at norske fiskebåtar no fyller drivstoff i utlandet for å unngå den særnorske avgifta. Når norske fiskebåtar fyller drivstoff i utlandet, vil det òg medføre proviantering og kjøp av andre tenester, samt at fisken lettare vil bli levert der.

Dette handlar ikkje berre om pengar, norsk konkurransekraft og norsk verdiskaping. Det handlar òg om beredskapen i kyst-Noreg i ei........

© Ságat