Krise etter valget
Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
I veker og månadar har vi sett politikarar kappast om makt og posisjonar, medan dei har lova gull og grøne skogar og skote kvarandre ned i retoriske flammar. Men når scenelysa sloknar og applausen stilnar, står vi att med ei helsekrise som fekk altfor lite merksemd i debatten.
Ventelistene har riktig nok gått ned det siste året, ifølgje TV 2, men det er framleis over 240 000 pasientar som ventar på behandling. Gjennomsnittleg ventetid er no 66 dagar, mot 85 dagar året før. Det er framgang, men langt frå nok.
Mange med langvarige smerter og samansette lidingar opplev å bli sendt frå instans til instans utan heilskapleg oppfølging – eit problem som interesseorganisasjonen CRPS-Fellesskap har peika på i fleire år. Den einaste som klarte å skape temperatur i helsedebatten på tampen var ein komikar bak ein betalingsmur på VGTV.
Les også: © Nettavisen
