Stopp kutta: Me skal ikkje tene pengar på helse
Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
(Sogn Avis): Dette er sett på spissen, men om ein kan sleppe å betala attende gjeld med renter til staten på investeringar til utstyr og nybygg så hadde ein ikkje gått i underskot.
Ingen er jo overraska over at Helse Førde no lyt kutte og sentralisere tilbod i føretaket.
Budsjettsprekken er me alle velinformert om gjennom media. Eg får jo vita ein del meir som tillitsvald i ambulansen, og eg tenkjer me alle no må stå opp for kortreist helse.
Politikarane lyt visa handlekraft og redde oss frå desse kutta. Me skal ikkje tene pengar på helse. Me skal tene pengar på at folk skal få den behandlinga dei treng og halde seg i arbeid slik at dei soleis er ein del av verdiskapinga i landet vårt.
Så skal ein ikkje undervurdere den ekstra belastninga lang reiseveg påfører kronisk sjuke pasientar. Dette ser eg........
© Nettavisen
