menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Mulighetenes Haugaland

8 15
12.06.2025

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Haugalandet står ved eit vegskilje. Det høyrest kanskje dramatisk ut, men dette er ikkje eit veikryss av uro – det er eit kryss der me har nevane på rattet sjølv, med mulighetar i alle retningar. Spørsmålet er: Kva retning vel me? Veikartet for Haugalandet, med sine strategiske satsingar skal rullerast og nye satsingar skal løftast fram. Kva skal regionen satse på i åra som kjem?

Veikartet for Haugalandet vart vedtatt av kommunane i 2021 og skal i løpet av året til ny behandling. Kva Haugaland har me tru på i framtida?

I ei verd i rask endring, der det grønne skiftet, digitalisering og global uro pressar fram nye løysingar, vil ikkje Haugalandet berre vera passasjer. Me vil sitje med rattet, og vera ein som viser veg. For det er ikkje berre storbyane som formar framtida åleine. Det gjer òg regionar som vår – med handlekraft, samarbeid og vilje.

Eg seier ofte: Haugalandet er ein juvel. Mellom to av dei største byane på Vestlandet ligg storregionen vår mellom Bokn og Bjørnen. Haugalandet og Sunnhordaland med noko heilt eige. Me har nærleiken til havet med ei sterk maritim næring, kort veg til kontinentet, industriarv og eit mangfaldig næringsliv. Me har kompetente folk, trygge lokalsamfunn – og ei sterk fellesskapskjensle. Haugalandet er ikkje berre plassert mellom Bergen og Stavanger – me utfyller dei. Me har rom for vekst, vilje til samarbeid og evne til å tenke heilskapleg. Det gir oss ei heilt spesiell stilling som ein motor for utvikling på Vestlandet.

Haugalandet er eit kraftsentrum for industri – og framtid, der industrien er ryggraden. Me har aktørar i verdsklasse: Eramet med sin unike posisjon i Sauda, Equinor på Kårstø, som er eit knutepunkt for norsk gass og energi. Hydro Karmøy, som produserer aluminium med lågaste klimaavtrykk i verda. Aibel, med ingeniørar, fagarbeidarar og prosjekt i fronten av både fossil og fornybar energi. Og eit vell av teknologibedrifter, leverandørar og gründerar som saman gjer regionen til ein av dei mest kompetente industriområda i landet. Haugaland Næringspark, Noregs største regulerte næringsområde, ligg klart for nye etableringar, kanskje hydrogen, ammoniakk, karbonfangst, batteri og datasenter. Og med Karmsund Havn – ein moderne og effektiv djupvasshamn har me eit logistikk-knutepunkt som knyter industrien til verda. Desse to saman dannar eit kraftsentrum for ny, grønn industri.

Når me no ser mot Utsira Nord og mulighetane innan havvind, er Haugalandet naturleg plassert som ein base for samanstilling, drift, vedlikehald og støttefunksjonar. Me har allereie ein kystinfrastruktur som er klar, og eit næringsliv som er klare for å bidra.

Det viktigaste me har, er ikkje berre krafta, kysten og kapitalen, men folka våre. Skal Haugalandet lukkast, må me løfte ungdommen og få dei til å satse heime. Då må me tilby noko meir enn arbeidsplassar. Me må tilby retning, muligheter og tru på framtida.........

© Haugesunds Avis