Vi ønskjer langsiktig tryggleik for Skakkesenteret
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kommunen ønskjer eigarskap i Skakkesenteret, fordi vi meiner det vil sikre Skakke som eit kultur- og idrettstilbod i Etne.
I Haugesunds Avis 7. august tek leiaren for generalforsamlinga i Sparebankstiftinga, Asbjørn Moe, til orde for at Etne kommune bør tre ut som eigar av Skakkesenteret. Vi er grunnleggjande usamde og meiner kommunalt eigarskap er den beste løysinga.
Vi ønskjer å sikre ei berekraftig drift og eit levande tilbod for heile lokalsamfunnet. For kommunen og innbyggjarane våre meiner vi at vårt eigarskap vil gje meir tryggleik og føreseielegheit enn det ei leigeavtale vil gjere.
Skakkesenteret har lenge stått i ein krevjande økonomisk situasjon. Kommunen har vurdert fleire alternativ, men kommunestyret har valt løysinga vi meiner gjev best og mest lokal kontroll. Difor er det vedteke at kommunen skal overta lånet til Skakke SA, seksjonere ut idrettshallen og drifte han vidare.
Sparebankstiftinga tilbyr å sletta 30 millionar kroner av gjelda, men mot at kommunen reduserer eigardelen markant. Det er eit betydeleg bidrag, men det er òg eit oppkjøp – ikkje ei gåve slik det vert hevda.
Som minoritetseigar mistar kommunen........
© Haugesunds Avis
