Forsvare demokratiet? Engasjer deg i lokalsamfunnet!
Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kanskje er det denne hausten du skal teikne eit abonnement på ei lokalavis, besøke biblioteket oftare eller seie ja til eit verv eller dugnadsarbeid? Di stemme og di handling som distriktsinnbyggjar har stor verdi. Du driv forsvar av det norske demokratiet i praksis.
I ei tid der demokratiet er under press i mange land, er det i Distrikts-Noreg noko av det viktigaste forsvarsarbeidet skjer. Det viser artikkelen Vårt effektive vern mot tyranni som nylig vart publisert på nrk.no.
Når PST åtvarar mot at utanlandske krefter ønskjer å påverke Noreg og det norske demokratiet, vert redaktørstyrte media og meir kunnskap blant folk flest framheva som avgjerande, både av PST og Forsvaret.
Det er heilt grunnleggjande institusjonar i det norske samfunnet – ofte tatt for gitt – som vert framheva som avgjerande i forsvaret av demokratiet. Lokalavisene, frivilligheita og biblioteka. Og det er i Distrikts-Noreg desse lokale institusjonane verkeleg kjem til sin rett.
Lokalavisene er ikkje berre nyheitsformidlarar – dei er ofte pulsen i lokalsamfunnet. Det er kort veg for folk flest til å meine noko på avisplass, journalistane løfter fram stemmer og saker som elles kanskje aldri ville blitt høyrt, og får oss til å forstå kvardagslivet og utfordringane til naboane våre. Dei set objektivt søkelys på saker som me kjenner eigarskap til, utfordrar oss, og driv opplysingsarbeid for folk flest.
I USA har ein tredjedel av alle lokalaviser forsvunne dei siste tjue åra. To av tre journalistar har mista jobben. Over halvparten av USA sine rundt 3.000 fylker står utan lokale medium, og større aviser har lagt ned dei fleste av distriktskontora sine. Fleire og fleire område har ikkje lenger lokal, redaktørstyrt presse.
Ein snakkar gjerne om «nyheitsørkenar». I eit slikt........
© Haugesunds Avis
