menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Å drepe, jakte, felle, hauste eller ta ut

9 1
18.08.2025

Villreinnemnda trugar villreinutvalet for Snøhettaområdet med overstyring slik at det kan drepast reinskalvar på det freda vestområdet i reinsfjellet vårt. I ein epost, skreve under av Olav Søderberg som er leiar i nemnda; «Hvis Villreinutvalget velger å se bort fra dette må nemnda eventuelt overprøve Villreinutvalget og gi tillatelse til nødvendig uttak.» Drepe, jakte, felle, hauste og ta ut, er ord som for dyra og reinskalvane våre betyr det samme, bli tekne livet av. Eg vil her bruke ordet drepe. Det er ikkje til å ta feil av. Talet på rein, både på aust- og vestområdet, går ned. Årsaken er at det i lang tid har vorte drepe mange reinar med kuler og krutt, samtidig som talet på ville rovdyr har auka. Forvaltinga har ikkje vore berekraftig. Villreinutvalet er eit sameining av dei som har jaktrett, private grunneigarar og statsallmenningar. Dei samordnar reinsdrepinga. Villreinnemnda som godkjenner det villreinutvalet kjem med, vart utpeika av Miljødirektoratet (frå i sommar er det Landbruksdirektoratet) etter at kommunane har komme med forslag på folk av begge kjønn. Dei uttalar seg og om andre forhold som kan gjelde villrein.

© Driva