menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

– Det er rett og slett eit hjartesukk frå ein innbyggar som ofte har sett kor fort livet snur

5 0
03.02.2025

Etter 44 års drift er dørene stengt på Aure Rehabiliteringssenter. Ein trist dag for befolkninga i Møre og Romsdal. Det siste offentlege, spesialiserte rehabiliteringstilbod utanfor sjukehusa her i fylket, er  avvikla, omtrent akkurat 2 år etter at Mork rehabiliteringssenter måtte stenge dørene. Det einaste vi har att, er Muritunet i Valldal som er eit aksjeselskap,  og som må konkurrere om brukarane gjennom anbod. Og litt rehabilitering på sjukehusa.

På ein slik dag er det naturleg for meg å ta eit tilbakeblikk.

I løpet av over 40 år i helsevesenet her i Møre og Romsdal har eg hatt fleire arbeidplassar. Ein av dei var Helse og sosialavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune (også kalt Fylkeshelsesjefens kontor) i åra 1994 til 2002. Veldig lærerike og interresante år, og eg er stolt av å ha gått i Per Roland og Jarle Reitens «helseleiarskole» som eg ofte har kalt det. Mange som har hamna i leiarstillingar i Møre og Romsdal har hatt nokre år under deira gode leiing.  Eitt av områda eg fekk ansvar for, var  å følgje opp   dei somatiske rehabiliteringsinstitusjonane. Dei skulle også ha eit nært samarbeid med Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering på sjukehuset i Ålesund. Heretter kalt FYR.

Den gongen var det drift på Mork Rehabiliteringssenter i Volda, Nevrohjemmet rehabiliteringssenter i Ålesund, og Aure opptreningssenter. I tillegg har det alltid vore spesialisert rehabilitering på FYR,  og i noko grad ved nevrologisk avdeling på Molde sjukehus.

Sidan eg kom frå stilling på nevrologisk avd,  kjende eg litt til Nevrohjemmet. Eg hugsar kor imponert eg vart når eg kom dit første gongen, særleg over kvalitetssikringssystemet deira.

Institusjonane Mork, Nevrohjemmet og Aure,  var starta og (del)finansiert av ideelle organisasjonar. Mork var  åpna  i 1975, Nevrohjemmet i 77 og Aure i 81. Før Mork og Nevrohjemmet var åpna var unge funksjonshemma som ikkje kunne bu heime, plassert i institusjonar for eldre.

Dei ideelle organisasjonane hadde sjølvsagt ikkje økonomi til å drive institusjonane, og det har vore offentleg drift heile tida. Dei første ca 30 åra gjennom fylkeskommunen.  Mork og Nevrohjemmet var tidlegare spesialsjukeheimar og Aure rehab.senter var opptreningssenter. Det betydde  ei anna finansiering, med tilskot frå  Rikstrygdeverket og fylkeskommunen. Pasientruppa var også ei anna.

Tidlegare var sjukeheimane fylkeskommunale, men frå 1986 vart dei overførte  til kommunane. Dette gjaldt ikkje spesialsjukeheimane. Fylkeskommunane skulle framleis ha ansvar for dei.

På Mork var det frå starten både personar som bodde der fast, og pasientar som var inne til rehabiliteringsopphald. På Nevrohjemmet var det fastbuande. Etter kvart endra samfunnet sitt syn   på korleis folk med store funksjonhemningar skulle bu, og det vart bestemt av fylkestinget at institusjonane skulle gjerast om til........

© Driva


Get it on Google Play